Eg respekterer han umåteleg. I to innlegg i Sunnmørsposten 29. juni og 16. juli skriv Jan Ove Vatne om det mange homofile har gått gjennom og kva verdi Pride har for dei.

Han skriv at dei som kritiserer Pride legg vekt på «noen få ting» og ikkje det han meiner er hovudsaka, nemleg «mangfold, kjærlighet og fellesskap». Det er lett å forstå at ei slik samkjensle er viktig. Det er likevel ikkje nok å seie at Pride er kjærleik og så skal ein vere heva over kritikk.

Det vart òg sagt at kristendomen er kjærleikens religion – «størst av alt er kjærleiken» – men han går ikkje fri av gransking av den grunn. Kritikk og diskusjon – ikkje hets og kuler – er demokratiet sin grunnpilar. Det er ikkje homofile sine sjølvsagte menneskerettar mange av oss reagerer på, men ein ideologi med nytt syn på kjønn. Dei som starta homokampen kjempa for aksept for seksuelle preferansar, ikkje for valfritt kjønn.

Påstanden, som Vatne formidlar vidare, om at dei som gjekk i bresjen for det berømte Stonewall-opprøret var transpersonar, er i falsk. Det har Fred Sargeant, som var der og som var med å arrangere det første pridetoget, prova.

Synet på kjønn som noko ein berre kan «kjenne seg» som, har kuppa den skeive rørsla så grundig at Stonewall (parallell til Fri) i England no definerer homofili som seksuell dragning mot nokon med same kjønnsidentitet. Det er altså mogeleg for ein fullt intakt mann å påstå at han er lesbisk.

Førti prosent av personane på dei lesbiske dating-appane der i landet, er no menn. BBC har laga eit program om korleis lesbiske vert pressa og sjikanerte om dei ikkje vil sjå desse mennene som sexpartnarar. Ein ny organisasjon, LGB Allianse, er starta som ein reaksjon på denne utviklinga. Organisasjonen veks og får avleggjarar i andre land. Dei ser at transidentitet til liks med ei rad andre såkalla identitetar, ikkje har noko å gjere med å vere seksuelt tiltrekt av det same kjønnet.

Dei ser òg at trua på at nokon kan vere fødd i feil kropp, skadar unge homofile. Eit stor prosenttal av unge med kjønnsdysfori finn ut at dei er homofile. No vert dei ofte tvinga til farlege og irreversible medisinske eksperiment i von om å skifte kjønn. Det er vanskeleg å sjå dette som noko anna enn ein brutal form for konverteringsterapi. Dette har størst konsekvensar for unge jenter, for det er flest jenter som no seier dei er trans eller såkalla ikkje-binære. Når ein veit at Fri, som ynskjer lettare tilgang til slik behandling, som òg meiner kjønn er flytande og at «transkvinner er kvinner», arrangerer Pride, er det vanskeleg å stø arrangementet.