I den planlagde utbygginga av vindkraftverk på Haramsøy er turbin nr 1 tenkt plassert berre 560 meter frå bygningar på Ulla. Det har aldri før blitt godkjent oppsetting av vindturbinar så nært bebyggelse i Norge. Dette vil føre til støy over godkjent grenseverdi og eit skjemmande industrianlegg 300 meter rett over bygda og ei rekkje andre negative konsekvensar.

Poenget er at mellom bebyggelsen på Ulla og bebyggelsen på Haram er det om lag 2000 meter. Med ein avstand på 1000 meter frå Ulla og 1000 meter frå Haram mot fjellet blir det 0 meter til å plassere vindkraftverk på Haramsfjellet ved å ta i bruk NVE og MDIR si rettleiing.

Med andre ord: Det er ikkje plass til noko vindkraftverk på Haramsfjellet

. Sjå kart nedanfor.

Kart ulla Foto: Innsendt

Knut Hallvard UllaAksjonsgruppa Nei til vindkraftverk på Haramsøya

----------------------

Les flere innlegg på smp.no!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!