Eg er av dei som ikkje er altfor skremd av slike datoar, og har nok mang ein gong synda mot både "Best før" og "Siste forbruksdato" - utan eg har merka skilnad. Skulle næringsverdien vera nokre prosentar redusert, har eg og dei fleste litt å gå på.

Mennesket oppsto i varme land - truleg i Aust-Afrika - for eit par hundre tusen år sidan. Og førmennesket - f.x. homo erektus - for ein million eller meir år sidan, og med arv frå enno tidlegare primatar. Også dei i varme land.

Fryseboksen vart oppfunnen i England i 1834 og kjøleskapet i Tyskland i 1876. Altså ca. 200ooo eller millionar år seinare. Jau, i nord og i ein del høgfjell oppdaga dei nok at fisk og kjøt pakka i snø eller is, sto seg lenger. Men sjølv det er det i beste fall berre nokre titusen år sidan, og berre i utkantane av der hovedmengda av menneska, førmenneska og eldre primatar levde.

Eg lurer på om kroppen vår og fordøyingssystemet vårt gjenom ein eller fleire millionar år vart tilpassa å tola og kunne nyttiggjera seg også halvgamal mat, eller om ein no berre toler det tilnerma blodferske? Eller har datomerking vel korte fristar?

Tankar i ei tid med svolt i delar av verda og kasting av "utgått dato" hjå oss.