Dette er blant argumenta når det no i fleire land i Europa er eit stort trykk på å få auka legalisering av cannabis (marihuana og hasj). Tobakks- og alkoholkapitalen er på veg inn i cannabis-industrien, og cannabisindustrien var også representert på den store verdsforum-møtet i økonomi i Davos i 2019. Mange arbeider målretta for å få store bedrifter og offentlege personar inn i liberaliseringsarbeidet. Og i Noreg ser det ut til at det gamle sosialliberale partiet Venstre og avisa «Dagbladet» har tatt på seg ei rolle for å fronte kampanjen.

Samtidig er det viktig å ha i mente at det ikkje er noko folkekrav i befolkninga om legalisert tilgang på cannabis. Det store fleirtalet av norske ungdommar brukar – heldigvis - i svært liten grad cannabis. Og vaksne som synest at det er overgrep mot ungdommane at dei ved illegal rusmiddelbruk må forholde seg til eit regime med kontrollar og eventuelle testar, må då kunne forsvare at dei synest det er greitt at ungdommar t.d. på vidaregåande skolar med verkstader og farlege maskiner kan beholde skoleplassane sine sjølv om dei er rusa under opplæring og arbeid.

Dei fleste av oss meiner at rusmiddelbruken i det norske samfunnet er meir enn stor nok. Det er rein kunnskapsløyse som prøver å framstille cannabis som mindre skadeleg enn alkohol, eller trur at cannabis-butikkar vil erstatte alkoholen i butikkar og Vinmonopolutsal. Frå både økonomisk og folkehelseperspektiv er det fordelaktig at rusmiddelbruken i heimar og samfunn blir halde på eit lågast mogleg nivå.