Takk til Inger Slinning for svaret ho gjev 17. februar på kritikken min frå 3. februar. Eg er glad for at vi er samde om at det finst to biologiske kjønn.

Vi er også heilt samde i enkeltmenneske skal bli respekterte og ha rettar som andre menneske uansett korleis dei skil seg ut. Men ho unngår å ta opp det som var mitt hovudpoeng, nemleg spørsmålet om ideologi. Transideologien handlar ikkje om nokre få menneske med kjønnsdysfori, men om ein trussystem som mellom anna hevdar at kjønn er ei individuell kjensle. Dette er ikkje marginale tankar når likestillingsministeren og regjeringa i fullt alvor diskuterer om vi skal innføre eit tredje kjønn og vi har ei lov som opnar for at barn heilt ned til seks år kan føle at dei er fødde i «feil kropp». Ein slik teori øydelegg no jentekroppar i heile verda. Kva med ei human forståing av deira situasjon?

Ideologien krev at menn som meiner dei er kvinner, heilt bokstaveleg ER kvinner sjølv med mannskroppen sin intakt. Dette fører til ei utvisking kva ei kvinne er, og trugar difor alle kvinners hardt tilkjempa rettar. Kva med ei human forståing for alle biologiske kvinners menneskerettar, ikkje berre menns?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!