Eg har gjennom lang tid registrert innlegg og synspunkt i aviser og andre media knytt til E39/E136 gjennom Ørskog/Sjøholt. Eg har sjølv delteke i dei meiningsutvekslingar som har funne stad. I dag skriv eg på nytt, men er noko usikker kven eg skal adressere mine meiningar til. Statens vegvesen? Lokale politikarar? Fylkespolitikarar? Sentrale politiske og administrative organ? Skal eg vere krass? Skal eg vere mild og bedande? Vil orda mine verte eit slag i lause lufta nok ein gong? Spørsmåla er mange!
«Vi ventar framleis på ny veg»
Trafikken på dei to europavegane (same vegen) gjennom Sjøholtbygda er stor og aukande. Det meste er gjennomgangstrafikk, mykje er det vi kallar tungtrafikk. Denne trafikken må vi snarast finne ei ny linje til og gjennomføre bygginga raskast råd. Svært få vegprosjekt i Møre og Romsdal er viktigare!
Eg bed kvar av dei 77 som utgjer Ålesund kommunestyre om å tenkje etter: Kva har eg gjort for å få på plass ei framtidsretta løysing? Desse tankane ville også ha vore svært interessante å få del i! Det er faktisk dokke 77 som har ansvaret, i særleg grad gjeld det dei med adresse 6240 Ørskog. Eit samla kommunestyre med ordførar og varaordførar i spissen har ei stor og viktig oppgåve med å løyse denne saka. Statens vegvesen har lagt ned mange planleggingstimar for å finne løysingar. No har dei nok ein gong starta på nytt med blanke ark, sjølv om vedtak om løysingar er gjort tidlegare. Dette er rein trenering, utsetjing og mangel på vilje til å få gjennomført eit prosjekt det hastar svært med.
Her kan det gå liv
Vi har eit lokalsamfunn frå Abelset til Landedalen som lid i sterkt aukande grad grunna treneringa av dette vegprosjektet. Med nokre stikkord kan vi omtale situasjonen: Forureining (støv og eksos) støyplager, manglande trafikktryggleik, deling av bygda (nord og sør), lita interesse til å utvikle sentrum og bustadbygging.
Ansvaret for å få denne saka ut av grøfta ligg hos dei 77! Dokke har knapt 2 år å gjere på (nytt val i 2024!) Lukke til!
-------------------------------------------
Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.