I Sunnmørsposten den 6. august kunne ein lese i eit innlegg frå Kari-Anne Jønnes at dei gode samaritanane i Høgre som vil redde studentøkonomien ved å gi studentane meir lån. Det er visst nytenking seier dei. For meg minner det mest om å pisse i buksa om ein er kald, berre at det er nokon andre si bukse.

Ho har rett i ein ting; Norske studentar har dårleg økonomi. Basert på tal frå SIFO, SSB og Norsk Studentorganisasjon gjekk ein student i snitt i minus 59.433kr i 2021, om ein ikkje har ekstra inntekt.

Dette gjer at norske studentar må arbeide mest av alle studentar i Europa og brukar minst tid på studiar. Resultatet er at studentar som kjem frå familiar som kan støtte dei økonomisk, kan prioritere studiane i større grad, noko som er med på å forsterke forskjellane i samfunnet.

Det er jo interessant at ein skal kome med løysinga på dette no, etter å ha hatt makta i 8 år. Det er delvis riktig at studentar generelt sett har fått 14.000 kr meir i studiestøtte under Solberg-regjeringa, men det er ei sanning med store modifikasjonar. Samtidig som dei auka studiestøtta med 700 millionar per år i 2019, kutta dei 900 millionar per år i anna studentfinansiering. Kunnskapsdepartementet innrømte at studentane sjølv har finansiert heile endringa. I tillegg til å ha finansiert skattelette til andre.

I realiteten har ein altså kutta, gjennom ei rekke dårleg skjulte tiltak. Tiltak som rammar studentar frå utviklingsland, studentar som endrar studie, eller studentar som må slutte på studiet på grunn av sjukdom eller graviditet. Resultatet er auka forskjellar.

Det å så kome og foreslå meir lån til ei gruppe med låg inntekt og usikker framtid, er ei kortsiktig løysing. Det vert stadig åtvara mot den stadig aukande gjeldsgraden i samfunnet. Dei som må ta opp dette lånet vil få det tøffare enn dei som ikkje gjer det, eksempelvis med å få lån for å kjøpe eigen bustad. Vi veit også at dei som har minst, tar opp minst lån. Det er difor eit upresist tiltak, som ikkje treff den gruppa som treng det mest. Dei som har mest i utgangspunktet vinn igjen.

I Noreg er det heldigvis ei kollektiv oppfatning av at det skal vere lik rett til utdanning, uansett bakgrunn. I praksis er det dessverre ikkje slik. I eit notat frå Agenda (Like muligheter til utdanning, 2019) kjem dette tydeleg fram. Sosial bakgrunn har direkte konsekvens for kven som byrjar å studere og kven som fullfører. Vi treng ei konkret auke i studiestøtta og ei binding til grunnbeløpet i folketrygda (G). Å binde støtta til 1,5 G gjer at den følgjer prisveksten og ein slepp årlege tomme diskusjonar og symbolpolitikk.

Fram til det kjem på plass kan Kari-Anne pisse i si eiga bukse, studentane vil ikkje ha det.