Pga kulden, ja, men først og fremst fordi mange grunna høge straumprisar, har fått valet mellom varme eller mat. Takka vere partia på Stortinget har energien vår blitt ei vanleg handelsvare der marknaden bestemmer prisen. Og marknaden, det er eit Europa med skyhøge prisar som vert importert hit.

Straum som det kostar 10–15 øre å produsere og som vi tidlegare har betalt 30–40 øre for, kostar no, i skrivande stund, over 7 kr. Det er ei 20-dobling!

Staten hovar inn milliardar i ekstraskatt og gir tilbake av dette ein almisse i form av straumstøtte som monnar lite; straumprisen er likevel mangedobla. Vi ser at bedrifter må redusere aktiviteten, arbeidarar ved permitterte eller oppsagt. Og folk gjev uttrykk for misnøye med dei styrande: AP er på historisk lågmål medan SP svingar rundt sperregrensa.

Men kvar går så veljarane? Til Høgre! Er dei dumme? Lir dei av gullfiskhukommelse? Hugsar dei ikkje at Høgre på dette området har ført akkurat same politikken som regjeringspartia? Ikkje berre dei, men alle parti på Stortinget er skuld i det som skjer i Noreg i dag. Det vert sagt at ein måte å øydelegge ein nasjon er å gjere han energifattig – vi er på den vegen no. Berre to parti, utanfor Stortinget, ynskjer å gjere noko med dette: Demokratane og Konservativt. Ateistane kan stemme på Demokratane, dei som ynskjer ikkje berre varme hus, men også eit samfunn grunnlagt på kristne verdiar, kan stemme Konservativt!