«Folk flest» må ha fått ei fagleg utrygg oppfatning av helseplattforma slik den fungerer eller ikkje fungerer no, for på folkemunne synest det til at den også har fått nytt namn, som eg ikkje vil sete på trykk.

Kvifor har det vorte slik? Ikkje fordi den treng vere vanskeleg å lære for dei fagleg kompetente, men den står fram som fagleg utrygg å bruke av omsyn til pasientane.

Når høgst fagleg kompetent personale innan helsesektoren, mest kjent frå St. Olavs hospital i Trondheim, som også er vårt spesialistsjukehus, går sterkt ut mot reforma, og underbygg si åtvaring særleg frå eiga negativ erfaring, så må mange klokker ringe. 16.000 pasientar som ikkje vart vist vidare og ikkje fekk innkalling til behandling, er rikeleg negativ erfaring, bokstaveleg tala; som kan vere livs- og dødserfaring.

Eg skal ikkje gjere meir analyse eller fleire vurderingar, det er eg ikkje kompetent til, men det som er skrive og fortalt til oss alle er tilstrekkeleg til å verte svært urolege av.

Det er nok pasienttryggleiken som er førsteprioriteten når fylkeskommunen utsett innføringa, som også er bekymringa og den faglege motstanden frå Trondheim.

Ålesund kommune burde snu, og også lytte til eit politisk mindretal i kommunestyret, lytte til andre si rikt framstilte faglege negative erfaring, og vente på den faglege utviklinga, og gjere seg nytte av forbetringar som vil kome.

Å bruke plattforma berre innan si eiga «boble» utan å kunne kommunisere på plattforma med andre legar, lokalsjukehuset og spesialistsjukehuset, seier vel kor upraktisk og fagleg avgrensa bruken kan verte no.