«Nøytrale livssyn finst ikkje. Mange argumenterer med at samfunnet skal vere livssynsnøytrale. Men det nøytrale livssynet finst ikkje. Trur du på Gud, er det ikkje nøytralt å hevde at Gud ikkje finst – og omvendt». Dette er sitat frå leiaren i Sunnmørsposten før nyttår.

I Europa er det kristendomen, den ateistiske marxismen og i vår tid også Islam som kjempar om livssyns-makta. Den autoritære marxismen – kommunismen – vant makta i Russland i 1917. Det førte til ei marxistisk vekking over heile verda på 1900 talet. I Europa hadde mange land blitt folkestyrte (demokratiske) etter den franske revolusjonen i 1789. Europa utanom Russland valte den demokratiske marxismen – sosialdemokratiet. Dei radikale sosialdemokratane kjempa imot dei kristne livsverdiane. Sitat frå internett: «Edvard Bull var den første som for alvor gjekk inn for å reformere skolen i marxistisk ånd. I 1923, i valkampheftet «kommunisme og kristendom», skrev Bull at Arbeidarpartiet skulle ha «en pågående og hensynsløs kirkepolitikk» som skulle «sloss uforsonlig mot den bestående offisielle lutherdom som med andre fordummende sekter». Denne kampen er dessverre i stor grad vunnen både i skulen og i kyrkja i Norge. I skulen er det forbod mot å «forkynne» det kristne livssynet, men ikkje å forkynne det sekulære gudlause marxistiske livssynet. Det gjeld den marxistiske trua på Darwin si utviklingslære og at det er best at vi sjølve bestemmer kva som er best for oss. Å gjere det vi sjølve vil og har lyst til – utan nokon Gud. Dette er ikkje eit nøytralt livssyn!

Det kristne livssynet har gitt livssynsfridom til det sekulære marxistiske livssynet. Det radikale sekulære marxistiske livssynet vil no ta livssynsfridomen frå dei religiøse livssyna slik som i dei kommunistiske landa – Kina og Nord-Korea og tidlegare Sovjetunionen.

Jonas Støre bad det moderate Høgre om å ta eit oppgjer med ytre Høgre som stod bak terroren på Utøya og moderate muslimar om å ta eit oppgjer med radikale muslimar som stod bak IS i Syria og Irak og terroren mot homofile i Oslo. Eg reknar Støre som ein moderat sosialdemokrat. Han bør ta eit oppgjer med ytre Venstre som vil ta livssynsfridomen frå dei religiøse. Mister vi livssynsfridomen – mister vi demokratiet!