Utsett, utsett, utsett … Vi møter dette ordet ofte. Siste døme for meg er «Ny utsetting for E39-planar.» Statens vegvesen treng meir tid i arbeidet med planane for ny E39 Ørskogfjellet – Digerneset. SV sine planar skal ut på høyring – tidspunktet er alt endra to gonger i løpet av 2022. Vi har no notert oss 1. oktober.

Kvifor kalle dette ein parsell av E39? Kvifor ikkje nytte E136? Svaret gjev seg sjølv. Alt skal handle om det urealistiske alternativet som vert kalla Møreaksen. Her med tanke på vidareføring frå Ørskogfjellet – Tomrefjord og ut i øyane – før vi landar på Moldesida med tunnel under byen. Økonomi og planløysing for dette prosjektet gjer det nødvendig å slå fast. Legg prosjektet til sides – kanskje vil det aldri kome opp på skrivebordet att.

Vi bør konsentrere dei kronene som skal nyttast til veg i vårt distrikt om E136. Ålesund – Dombås. Vegvesenet har vanskar med å finne rett løysing for dette vegstykket frå Digerneset til Ørskogfjellet. Det vi har fått vite så langt, er at vegen skal kunne leggjast innanfor ein korridor med ei nordre og ei søre grense.

Vi ventar med spenning på kva SV vil gå for og når framlegget ligg klart på bordet – og ikkje minst kva med pengar og byggjestart?

Tunnel er løysinga på deler av strekninga. Her må vi bli konkrete, kome med framlegg og realisere planen. Eg er ingen vegingeniør, men ein eldre ekspolitikar – likevel oppteken av det som skjer og ikkje skjer i samfunnet rundt meg. Kort skissert eit framlegg frå denne amatøren:

  • Svorta/Valle området: Ta omsyn til folket som har bygd og bur der, legg vegen i sjøfylling i Skodjevika. Tunnel her er lite realistisk.

  • Tunnel frå Dragsundet/Solnørområdet til Landedalen sørvest for Tverrelva. Steinmassane vert nytta til pkt. ovanfor. Sjøholt får vekk gjennomgangstrafikken gjennom bygda og dei ulempene dette i dag medfører. Dei som skal direkte aust- eller vestover får eit langt betre vegalternativ. Sjøholt får påkøyringsalternativ: i Dragsundet eller Landedalen Solnørdalen vert ikkje skadelidande.

  • Kryssinga mellom E136 og R650 (Børdalslinja) i Landedalen bør kome eit stykke nedanfor Tverrelva.

  • Forbikøyringsfelt vidare opp fjellet er bygt.

  • Resten av dei midlane vi kan håpe på for vegen vidare – må nyttast på strekninga Vikebukt – Dombås.

Vi har venta lenge nok på løysingar for denne vegstrekninga. Ventetida bør no vere over. Gjer raske vedtak, løyv pengar og start arbeidet – snarast!