Møre og Romsdal er eit stolt mediefylke, beståande av ein myriade av små og store medieaktørar – som saman speglar alt ifrå små lokalsamfunn til store regionar.
Blant medieutdanningane i Norge har Høgskulen i Volda ei stor stjerne, men mykje av grunnlaget blir skapt i dei vidaregåande skulane. Det er ofte der dei kreative evnene til unge mediespirar først verkeleg blomstrar.
10. klassinger fikk omvisning på linje som kanskje legges ned
Men - blant dei mange hardtslåande kuttforslaga til fylkesrådmannen finn ein mellom anna at det blir føreslege å leggje ned MK-linjene i Ålesund og Molde, og samle dei i Volda og Kristiansund, for å halvere det totale tilbodet i fylket.
I delrapporten om sparetiltak i utdanningssektoren står det tydeleg at elevane og kvaliteten i opplæringa skal rammast i minst mogleg grad. Det må i beste fall vere ein dårleg spøk.
– De skal egentlig legge ned skolen vår. Det er ikke greit!
– Uten Gjermundnes hadde vi ikke tatt utdanning. Landbruk er alt!
Det er inga tvil om at fylket er nøydde til å bruke sparekniven, då det økonomiske bildet ser dystert ut framover. Men kanskje det hadde vore greitt at politikarane, som skal representere folket – og samfunnet – hadde tenkt litt meir på kva som faktisk førte til at vi er komne dit vi er. Feilprioriteringar har det vore mange av i fylkespolitikken så langt – og dersom dette forslaget går gjennom, er det gjort nok ein stor feil.
Det er veldig trist, både for dei små og store samfunna, for ytringsfridomen, ja – for heile Møre og Romsdal – dersom fylkestinget vel å gå for dette kuttforslaget.
-------------------------------------------
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.