Nokre veker sidan vart eg gjort merksam på at der hadde vore eit motskriv i SMP om mitt innlegg.

Eg skreiv aldri at mitt innlegg skulle vere eit vitskapeleg dokument.

Martin Andreas Engeset seier eg handplukkar fakta for å underbygge min påstand om manglande klimapåverknad av CO₂. Vel, eg handplukkar ikkje fakta for å underbygge dette. Det trengst ikkje, for vitskapelege kjelder er fulle av naturvitskapelege bevis for dette.

Nei, mitt stykke skulle vere ein lettfatteleg måte å forstå denne teorien og kva den handlar om. Både det som er rett og det som ikkje er rett med drivhusteorien.

Allereie i andre avsnitt fortel Engeset det som faktisk ikkje er rett med drivhusteorien i atmosfæren. Han trur det er akkurat som eit drivhus med glasveggar og tak. Men atmosfæren er ikkje slik. Difor er sjølve ordet «drivhuseffekt» feil. Atmosfæren slepp ut akkurat nok varme til å halde energibalansen. Variasjonane av tilført energi og avgjeven energi kan variere relativt mykje, men då set naturen til mottiltak «reaksjon» på dette.

Men eg konsentrerte meg om drivhuseffekten frå CO₂, som er usynleg. Difor beskreiv eg første eksempel som skyfri klar himmel, fordi det berre var CO₂ og andre usynlege drivhusgassar som hindra at varmen forsvann når sola gjekk ned, og andre dømet som overskya. Skyer er som kjent vassdamp, som står for 98 % av all drivhuseffekt.

Eg skal ikkje diskutere om metan, for det har eg ikkje sett meg nok inn i.

Men isolasjonseffekten frå CO₂ er logaritmisk avtakande etter auka mengde. Effekten er også eksponentielt avtakande, Så effekten på temperatur i dag er tilnærma null ved auke i mengda.

Målingar viser at all IR-stråling i CO₂ sine frekvensar allereie var absorberte ved ca. 380 ppm. Då i eit luftlag på ca. 10 meter. Doblar ein dette til 760 ppm, så vil ikkje meir stråling bli absorbert, den vil berre verte absorbert i eit luftlag halvparten så tjukt.

Vassdamp 98 % av drivhuseffekten, (Nordell 2003), CO₂ mindre enn 2 %. Naturen står for meir enn 96 % av CO₂-omsetninga, kol, olje og gass for mindre enn 4 %.

Altså Brenning av kol, olje og gass = 0,02 x 0,04 = 0,0008 % av drivhuseffekten, altså mindre enn 1 promille. Når det ikkje har vorte framlagt noko bevis på at «drivhuseffekten» gjev ekstra varme til jorda, så må det vere innlysande at denne eine promillen som skriv seg frå «fossile» kjelder ikkje kan føre til nemneverdig oppvarming av planeten vår.