Så held Stepansen fram: «Mange vil si at vi ser det samme om og om igjen» Ja, det er ei kjensgjerning at det har vore mykje om igjen og om igjen. Kvifor det? I 2005 trekte Israel alle jødar ut av Gaza som eit ledd i Oslo-avtalen. Dei hadde budd der i generasjonar. Bygd opp ein god infrastruktur, med drivhus m.m. som dei no måtte forlate. Mange måtte nærmast berast over grensa til Israel i fortviling.

Utskytingsrampe

Så skulle vel alt bli både trygt og godt for dei palestina-arabarane som blei igjen? Nei, det som skjedde var at dei valte Hamas som leiarskap, og dei var ikkje interessert i infrastrukturen. Dei bygde om Gaza til ein «utskytingsrampe» for rakettar mot Israel. Sidan 2005 har dei sendt over 10.000 rakettar mot Israel. Vil dette ta slutt? Den siste opptrappinga skjedde med grunngjeving i ein tvist som oppstod om nokre eigedomar i Jerusalem, og som skal avgjerast i rettsapparatet. Eg har full forståing for at folk i sør-Israel lever i redsel for at eit nytt rakettregn vil kome når Hamas har bygd opp at rakettlageret sitt. Hamas vil ikkje har fred med Israel.

Fredsforslag

Så held fram Stepansen: «Sionistenes Israel kan aldri bli en del av ei fredsløsning» Nei vel! Då må vi konstatere kva som har skjedd dei siste 100 åra i Midt-Austen og konflikten mellom Israel og palestina-arabarane. Frå mandat-maktene, amerikanske presidentar, britiske regjeringar og FN har det vore sett fram 12 fredsforslag. Det har vore forslag som ofte innebar tøffe kompromiss. Israel har sagt JA til 10 av desse, medan palestina-arabarane har sagt NEI til 11 av dei 12. Seier ikkje det noko om vilje til fredsløysing. Er der i det heile interesse for fred hos Hamas og dei andre arabiske organa? Det kan siterast mange personar med mynde som nektar for det.

Så har Stepansen ein ny påstand: «Israel planla krigen, og okkupasjonen av Vestbredden, Sinai, Gaza og Golan i god tid før 6-dagerskrigen i 1967.» Når det gjeld denne krigen så peikar historiske dokument i retning av at den verken var planlagt eller ønska av nokon av partane i Midt-Austen. Men Syria fekk likevel Egypt med på ein plan om felles luftangrep på Israel ved ein krig. President Nasser sette inn tre kontroversielle trekk våren 1967. 1) Egyptisk mobilisering 13. mai. 2) Styrkeoppbygging i Sinai og 3) FN-styrkane vart fjerne 16. mai. Egyptiske styrker i Sinai vart auka frå 50.000 til 100.000. Stadig meir aggressiv arabisk propaganda blei tolka som førebuing til krig. Israel mobiliserte 19. mai. Israel har vel verdas mest effektive etterretning. Dei konstaterte at det kunne vere berre timar før krigen var der, og slo til tidleg om morgonen 5. juni.

Nytt bilde

Så grip Stepansen tak i situasjonen i 1948 og meiner at israelarane i god tid før det året planla etnisk reinsing av palestinarar. Her er han ikkje oppdatert på kva som har blitt lagt fram av opplysningar frå 1980-åra og utetter. Han påropar seg historikarane Ilan Pappe og Benny Morris. Det er rett at dei skreiv sine bøker som ikkje gav eit positivt bilde av jødane sin oppførsel under 1948-krigen, ja, også det som skjedde før etableringa av staten. I alle krigar vil der alltid skje overtramp. Men det som bør takast med at er at Benny Morris, etter å ha studert nye kjelder, skreiv ei ny bok som gav eit heilt nytt bilde av situasjonen. Boka hans frå 1988, vart først revidert i 2004. Så skreiv han ei ny bok (tittel: 1948) på heile 603 sider som kom i 2008. Her kjem det eit heilt nytt bilde av det som skjedde. Tidlegare korrespondent i Midt-Austen, Per A. Christiansen, skriv om boka: «Det er faktisk blitt en riktig god bok. Den ser selvsagt begivenhetene fra et israelsk ståsted, men er bedre enn noen annen beretning om dette kapitelet i Midtøstens historie»

Så tar Stepansen med eit innlegg i Aftenposten datert 14. januar 2009 frå tidlegare statsminister Kåre Willoch som støtte for sitt syn. Her vil eg gjere merksam på at Willoch alt i VG den 24. mai 2008 kjem med sterke påstandar mot Benny Morris si nye bok og framstillingar. Den er så sterk at Benny Morris i VG den 18. august 2009 har ein artikkel med overskrifta «Willochs løgner.» Det får stå for hans syn. Willoch svara seinare på artikkelen.

Stepansen har som vanleg sin påstand om okkupasjon frå Israels side. Kan han legge fram eit folkerettsleg bevis for dette? Kva med vedtaket av Folkeforbundet i 1922 og artikkel 80 i FN-pakta?

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!