Mel: No har vi vaska golvet.

Vi folkevalde gler oss til ferie og fred, det er så veldig travelt å alltid «følge med». Vi ønsker ei god jul i kvar heim og i kvart hjem, med ribbe, eller kanskje fattig-mann og krisekrem.

Vi tenkjer at de jubla, kvar minstepensjonist, 300 kroner månaden, det monnar sant og visst! Vi ville gi dykk meire, det var vår intensjon, men meire peng til vanleg´ folk, det skapar inflasjon.

Vi løyvde 100 000 til oss sjølve no i vår, for alle ting har blitt så veldig dyre no i år. At vanleg folk forstår, ja, det er vår store von, for lønsauke på Stortinget gir aldri inflasjon.

Å gi vekk julegåver det er ein gamal skikk, og du finn sikkert noko i mang ein bruktbutikk. Men har du ikkje pengar, så trøst deg då med det at Vedum og han Støre alltid «følger nøye med».

Meir barnetrygd blir kravd, og det er då ikkje lett å svare : Nei, vi halde må eit veldig stramt budsjett. Finn borna lite gåver under årets juletre,

så syng ein song og hugs at onkel Jonas «følger med».

I år så bør du kjøpe eit ekte juletre, og tørkar det i stova, så har du påskeved! Ja, mykje kan gi varme, oppfinnsam må du ver´, Sei, treng du alle bøkene i bokhylla di der?

Til vanleg´folk så gir vi det same som i fjor, ei mengde vakre lovnader og fleire tomme ord. Om prisar går til himmels og kjøpekrafta ned, hugs Vedum og han Støre alltid, alltid «følger med».

Helsing alle som «følger nøye med».