I debattinnlegg 25.01, tilbakevisar Inger Slinning påstanden om at radikal kjønnsideologi representerer fare for demokratiet, og meiner at eg ikkje har gode argument for å hevde dette.

Slinning avviser å gjere dette til eit spørsmål for eller imot vitskap og rasjonell tenking, og framhevar Human-Etisk Forbund (HEF) som forsvarar av «transpersoners rett til å bli respektert og anerkjent på grunnlag av hvem de er».

Det er udiskutabelt at det finst personar som har kjønnsidentitet som skil seg frå det biologiske kjønnet. Likeins er det sjølvsagt at transpersonar skal respekterast og anerkjennast. Det er ikkje DET debatten handlar om.

Spørsmålet gjeld kven som har definisjonsmakta av omgrepet "kjønnsidentitet".

Transaktivistane sin forståing av kjønnsidentitet har fått gjennomslag på dei fleste område, og er fundamentalt for kva som skjer, og har skjedd i Norge det siste tiåret.

Deira definisjon legg grunnlaget for dei mest radikale endringane i norsk lovverk om kjønn, for fundamentale endringar i samfunnet sin handtering av sjukdom/liding, for forståing av samtykkekompetanse hos barn, propaganda i undervisingssektoren, endring av læreplanar i skulen og rammeplan for barnehagen, og tildeling av støtte til organisasjonsarbeid.

Transaktivistane hevdar at kjønnsidentitet er ein medfødd indre tilstand og at spedbarnet frå før fødsel av, har oppleving av om det er gut eller jente, og kan frå starten av oppleve « å vere fødd i feil kropp».

Desse påstandane manglar dekking i etablert kunnskap i utviklingspsykologien.

At spedbarnet kan ha ei oppfatting av kjønn/eigen kjønnsidentitet allereie på eit før-språkleg stadium, er rein spekulasjon. Utvikling av kjønnsidentitet skjer som ein integrert del av identitetsutviklinga. Det skjer gjennom stadium i ein kompleks prosess der multiple indre og ytre faktorar påverkar kvarandre.

Slinning meiner transaktivistane er ein liten minoritet som kjemper for å få gjennomslag for sine rettigheiter, og at desse rettigheitene ikkje har konsekvensar for resten av samfunnet.

Men, gjennom politikk og lovverk, risikerer vi no å bli tvinga til å bruke eit konstruert «nyspråk» for kjønn og kjønnsidentitet. Dette er eit språk som ikkje avspeglar vår felles observerbare fysiske verkelegheit. Vi misser dermed felles språkleg referanse som grunnlag for å kommunisere med kvarandre.

Korleis vi då skal kunne vareta meiningsutveksling og den frie debatten, som er ein viktig berebjelke i demokratiet vårt, bør vel vere eit tankekors, også for Human-Etisk Forbund?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!