Eg må tilstå at eg då var so naiv at eg trudde dette berre kunne gjennomførast dersom tiltakshavar kom til ei frivillig semje med grunneigarane, og at kommunestyret ikkje var budd på å oreigne grunn for å gjennomføre prosjektet.

No er eg i tvil, kanskje var eg for optimistisk.

Tiltakshavar har så langt eg har fått med meg, ikkje hatt positiv dialog med nokon av dei som vert råka, og dei fleste av grunneigarane har vore ganske tydelege på at dei ikkje er villige til å la taubana gå over deira eigedom, heller ikkje selje heimane sine.

I lov om oreigning (nynorsk for ekspropriering) står det i § 2 lista opp ei rekkje tiltak som kan gi rett til oreigning. Nr 17 i rekkja er taubane. Men i andre lekk i same paragrafen står det at «tiltaket skal vere tvillaust meir til gagn enn til ulempe».

Etter at Sula kommunestyre gjorde dette vedtaket har Høgsterett slått fast at eigedomsretten strekkjer seg i luftrommet over eigedomar, så langt det er praktisk, og konkret slik at ei taubane over eigedomen er noko grunneigaren kan nekte. Dette fører til at Sula kommunestyre tek på seg eit stort ansvar dersom dei vil godkjenne den reguleringsplanen som Flakkgruppen har lagt fram.

Dersom dei godkjenner planen, godkjenner dei samstundes å oreigne eigedomar og heimar til fleire. Tiltakshavar har gitt uttrykk for at han ikkje forstår kva som ligg i positiv dialog, og Sula kommune har vore uklåre når dei har freista forklare det.

Det er soleis ein fare for at Sula kommunestyre kan kome til å godkjenne ein plan som fører til oreigning. Kravet om at tiltaket tvillaust skal vere meir til gagn enn til ulempe, vert – i alle fall i kommunestyret – avgjort med simpelt fleirtal.

Det at svært mange menneske meiner at dette tiltaket er meir til ulempe enn til gagn, vil i so fall ikkje verte teke omsyn til. Til ulempe for dei som får dette svineriet over eigedomane sine, til ulempe for natur og naturmangfald, til ulempe for eit aktivt friluftsliv, til ulempe i høve til utslepp av klimagassar og mykje meir. Det som skal vere til gagn er nokre arbeidsplassar i Sula og i Ålesund. Den rapporten som forklarer dette er også dregen i tvil.

Lov om oreigning bør endrast, slik at kommersiell utbygging av taubane ikkje gjev heimel til oreigning!

Når vi ser kor mange gondolprosjekt som er planlagde kring om i landet, og kor mykje konfliktar det fører til, ville det rette vere å fjerne nr. 17 i §2 i lov om oreigning. Då ville ein ikkje kunne regulere til eit slikt formål utan samtykke frå grunneigarane.

Styresmaktene burde vore meir tydelege i høve til kor mykje øyding av natur og naturmangfald ein vil tillate, men private grunneigarar burde ikkje verte fråteke ein menneskerett, nemleg rett til å rå over sin eigen heim, slik lov om oreigning gjer i dag.