Klarer vi vere gode politikarar for heile kommunen?

Å vere ein del av eit stort politisk parti er på mange vis trygt. Vi har eit stort apparat i ryggen, og vi veit kva vi er ein del av. Vi er trygge på verdiane våre, og Haram Arbeidarparti går inn i kommunevalet med eit godt program og mange visjonar for korleis vi ønsker at kommunen skal vere.

Likevel – dette valet skil seg veldig frå tidlegare val. Haram kommuneutval ønsker at Haram kommune skal bli så god som det går an. Det gjev arbeidet vårt validitet, og det skaper fellesskap. Går det an å bygge på dette? Sjølv om ein ikkje er einige i alt?

Dess meir eg reflekterer over det, dess tydelegare blir det kor viktig det er at dette fortsett i det nye kommunestyret og. At alle skal fortsette å spele på lag så godt som vi kan, og at vi ilag skal vere saman om å bygge fellesskap over heile den nye kommunen. Å bygge bruer i kommunestyret i staden for å fokusere på å ta politiske poeng som berre skaper splid. Møte kvarandre med respekt og velvilje.

Tida vi har vore inne i har sådd mykje splid, og vi har sår som må legast. Vi må bygge tillit til kvarandre på nytt. I heile kommunen, og på tvers av befolkningslag. Mitt ønske er å ha eit kommunestyre som arbeider i lag for det beste for kommunen sin. Ein kommune som tek innbyggjarane med på laget når vi skal utvikle bygdene våre, tenestene våre og som sikrar at vi kan få til dei beste løysingane i fellesskap. Klarer vi det? Då er vi gode, men eg trur dette er medisinen vi treng!

Mykje ligg fast i kommunal drift. System, lovar, reglar og strukturar, som vi må følgje. Likevel, vi har anledning til å arbeide i lag, og vi kan vere meir inkluderande, lyttande og modige. Aktive samarbeid mellom kommunen og næringsliv, frivilligheita og andre som vil vere med.

I programmet vårt er det viktigaste å få oversikt og kontroll over økonomien i nye Haram. Det gir oss spelerom for gode tenester, gode lokalsamfunn, fellesskap og ei god og trygg kommune å bu og vekse opp i. Dette vil Haram Arbeiderparti ha som sin visjon for valet. Trygg økonomisk styring, og at alle skal med.

Det er i fellesskap vi finn dei beste løysingane. Blir du med?