Vi nærmar oss 17. mai og ser fram til å feire fridom og fred i landet vårt. Det er ikkje sjølvsagt når ein veit at det er krig og uro i Ukraina og andre stadar i verda. No er det 72 år sidan andre verdskrigen tok slutt, og Noreg vart ein sjølvstendig nasjon att. Det er flott å kunne feire nasjonaldagen med det vakre flagget vårt. I midten av flagget har vi korset som er blått. Det viser at vi gjennom ei tusen år lang historie har vore ein kristen nasjon. Blått kan symbolisere himmelen som er vår von. Kvitt talar om reinheit og raudt peikar på Jesu blod som reinsar frå all synd. Vi er stolte av flagget vårt og ynskjer å behalde det for alltid!

Etter tradisjonen er det berre det norske flagget som skal vaie på dei offentlege flaggstengene, men dette er det i ferd med å verte ei endring på. I dei seinare år har myndigheitene tillate at Pride-flagget skal ta plassen til flagget vårt ved nokre anledningar. Dette er det fleire av oss som synest er trist når ein tenkjer på kva dette flagget står for: Synd og umoral. Gud skapte oss til mann og kvinne og velsigna menneska. Ekteskapet er heilagt og er mellom mann og kvinne. Etter bibelen og skaparordninga skulle det vare livet ut. Dette er det beste for borna og for heile samfunnet, og er den ordninga som har vore vanleg i alle år.

I desse dagar er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert her i landet, og dette vert markert og feira. Eg er samd i at homofile ikkje skal straffast, men meiner at det er gale at homofile og lesbiske får gifte seg i kyrkja. Dette er vanheilagt og er imot Guds vilje. Vi må få attende respekten for Guds ord! Pride står for stoltheit, men vi treng å audmjuke oss for Gud og takke han for hans nåde og godheit imot oss. Ekteskapet mellom mann og kvinne er noko vakkert og godt som Gud har funne på. Det er berre to kjønn frå skapinga av og dette må vi respektere og søke og hjelpe dei som har kome på avvegar.

Vi ynskjer respekt som har eit anna syn enn det som FRI står for, og ynskjer å få fjerna Pride flagget frå offentlege flaggstenger! Kvifor skal eit lite mindretal få dominere over det store fleirtalet i folket? Det er svært mange som er einige med meg i denne saka, men som vel å ikkje seie ifrå. Sanninga vert i dag halden nede, men nokon må våge å ta bladet frå munnen og tale ut. La oss ha respekt for flagget vårt og ikkje vanære flaggstengene med det seksfarga flagget. Regnbogen har sju fargar og står for det fullkomne, og flagget vårt peikar på Jesus Guds son som er verda sin frelsar. La oss vende oss frå synda til det reine og gode som leier oss til himmelen.