Jan Ove Vatne (19. august) held fram med å skrive om noko anna enn det eg spør om.

Frå mi side dreier denne debatten seg om dei prinsipielle innvendingane eg – og mange andre – har mot Pride og mot politikken til Fri, som eig Pride. Denne debatten er bokstaveleg talt livsviktig. Ein av grunnane er kva som skjer når ein definerer homofili som det å vere seksuelt tiltrekt av nokon med den same kjønnsidentiteten. Altså kva som skjer når lesbiske vert tvinga til å sjå på menn som seier dei er kvinner, som sexpartnarar. Eg er historikar og prøver å unngå anekdotiske prov. Då må eg vise til truverdige kjelder utanfor meg sjølv. Difor har eg nemnt reportasjen i BBC og LGB – Alliance. Eg kunne òg trekt fram modige røyster som Tonje Gjevjon her i landet.

Ei anna innvending er kva som skjer med barn og unge når dei vert fortalde at dei kan vere fødde i feil kropp og at det finst mange kjønn, ei tru Fri spreier i skular og barnehagar. Dette er ikkje fakta, men ideologi som fører til irreversible skadar på friske unge kroppar. I England skal dei no legge ned Tavistock-klinikken som i fleire tiår har behandla barn, truleg heilt ned til fire år, for det dei definerer som kjønnsdysfori. 9000 barn og unge har vore såkalla «behandla» utan prov på at behandlinga verkar og utan granskingar i etterkant. No kjem rettssakene. Ein reknar med at så mange som tusen familiar ville kome til å saksøkje den nasjonale helsetenesta for øydelagde kroppar og liv. Det er snakk om massiv barnemishandling i statleg regi.

I Noreg held Fri fram med å propagandere for lettare tilgang til slik behandling. Dersom ikkje dette er grunnar nok til å debattere kva Pride og Fri står for, då veit ikkje eg. Eg er heller forbløffa over at ikkje fleire deltek.