Eg vil ikkje skulde Jon Hildre for å lyge. Det kan vere at han ikkje veit betre.

Uttrykket «Den kristne Gud» står ikkje for noko konkret, men er ein visjon kvar truande ber i skolten. Alle menneske er fødd utan livssyn eller gudstru. Guds-visjon er forma av arv, mental legning, livserfaring, overtru og sekulær kunnskap. Difor har «den kristne gud» like mange utgåver som der er personlege fingeravtrykk.

Det er som med «keisaren sine nye klær», ein må tru for å sjå Han.

Hildre terpar på Matteus 5:43-48: «Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk, så de kan vera born åt far dykkar i himmelen». Kvifor ikkje gå vidare til Matteus 10:34 – 36): «Tro ikke at jeg er kommet for å bringe fred på jorden. Jeg er ikke kommet for å bringe fred, men sverd. Jeg er kommet for å sette skille: Sønn står mot far, datter mot mor, svigerdatter mot svigermor, og en manns husfolk er hans fiender».

Om ein skal ta desse bibelorda på alvor skal ein elske sin fiende, men skape helvete for sine næraste. Eg veit ikkje andre religionar som forfektar det same, men dei finst nok Norge vart styrt etter Gud si heilage lov fram til 1843. Menneske og dyr vart piska, torturert, halshogd og brend til ålmenn gaman. Som Hildre påpeikar, hadde Norge vore «kristent» i 850 år før Norge formelt kvitta seg med Moselova. Det humane sekulære samfunnet vi har i dag, skuldast kunnskap og sunnare syn på menneskeverd meir enn religiøs (over) tru.

Moselovene utgjer 613 mitzva som Israelsfolket skal ha fått utlevert i Sinai. Dei jødiske Ti boda er eit slags konsentrat av dei 613 mitzva, og er omskrivne opp gjennom tidene, og er ikkje «hogde i stein». Kristendommen (Fader Augustin) plagierte den jødiske versjonen og laga si eiga utgåve. Dei viktigaste endringane frå den jødiske versjonen: 1)

Fyrste bod er kutta ut. 2) Andre bod: Kutta ut forbod mot å lage bilete og skulpturar. 3) fjerde bod: Sabbaten er endra til kviledag. 4) Desse endringane førte til at den kristne utgåva sat att med ni bod. For å få ti bod, delte dei det siste bodet i to. Det kristne bod ni omhandlar fast eigedom og det tiande omhandlar levande eigedom, kone, ungar, slavar, krøtter. Religion gir høve til nesten uavgrensa sjølvgodleik. Dersom det finst ein Skapar, og Jon Hildre & co. sine fantasiar om frelse og evig fortaping (pine) helt vatten, då er mannsætta kome til verda for å fylle Helvete med hærskarar av vanlege menneske. Mannsætta er forbanna med ein visjon om eit høgare vesen som set pris på gåver som svir eller sjølvskading.

Kva kan svi meir enn å ofre sin eigen son? Før slaget i Hjørungavåg ofra Håkon Jarl ein av sønene sine til guddommen Torgerd Holgabrud, men å tru at ein allmektig Gud skulle gjere noko så meiningslaust som å ofre sonen til seg sjølv, det er vel blasfemi?