Det bidrar til å gi barn og unge eit dårleg sjølvbilde gjennom å skapa venleiksideal som er falske og redigerte. Det er derfor ein gledas dag at regjeringa frå 1. juli innfører krav om at retusjerte bilde må merkast.

Barn og unge veks opp i ein digital tidsalder der sosiale medium og stor tilgang til informasjon gjer dei særleg utsett for press, reklame og uønskt marknadsføring. Det stadig aukande reklamepresset påverkar forventningane til barn og unge til korleis dei faktisk skal, og bør, sjå ut.

Når ein ikkje lenger kan skilja mellom kva som er redigerte eller ikkje, kan dette skapa eit falskt bilde av kva som er ein normal kropp. Dette fører til at unge føler misnøye med eigen kropp, som igjen bidrar til å skapa dårleg sjølvbilde og psykiske problem.

Arbeidarpartiet meiner det er alvorleg at barn og unge blir psykisk sjuke eller får andre plager som følgje av opplevinga av ikkje å leva opp til venleiksideala frå reklameindustrien. For samtidig veit vi at retusjerte bilde er heilt vanleg i reklamebransjen. Gjennom nokre få tastetrykk redigerast reklamebilde til det ugjenkjennelege, med teknologi som er så god at det nærast er umogleg å skilja mellom kva som er ekte og kva som er falskt.

Dei skadelege effektane som det kommersielle marknadsføringspresset har på barn og unge må takast på alvor og eg er derfor glad for at regjeringa 1. juli innfører eit påbod om å merka retusjert reklame. Dette vil gjera barn og unge oppmerksame på at personar i reklamar er fiksa på, og dermed ikkje gjenspeglar korleis dei ser ut i verkelegheita. Eit viktig tiltak i arbeidet for å hindra kroppspress og usunne skjønnheitsideal.