Vi i Framstegspartiet meiner at det er på tide å bygge Voldatunnelen. Ein tunnel vi ønskjer å bygge utan bompengar. Vi i FrP er utolmodige på bilistane sine vegne, og ønskjer å få fortgang i prosjektet.

Dagens veg gjennom Volda sentrum er ikkje dimensjonert for den trafikken som er der dagleg. Vegen mellom Volda Ferjekai til Mork er svingete og trong, og er lite framtidsretta med tanke på trafikken. Derfor er det viktig å starte bygging av Voldatunnelen så raskt som råd.

Kvar dag køyrer store lastebilar gjennom sentrum. Dette er trafikk som heller burde køyrt gjennom fjellet. Volda sentrum vil bli ein trivelegare stad for dei som bur, jobbar og besøker sentrum, når gjennomfartstrafikken blir flytta ut av sentrum.

Framstegspartiet ønskjer å bygge Voldatunnelen utan bompengar. Bompengar er heilt unødvendig når staten drukna i oljepengar. Bilistane betaler meir enn nok til staten. Vegbruksavgift, bensin- og dieselavgift, co₂ avgift. Då treng ein ikkje bompengar på toppen. Møre og Romsdal er landets einaste bomfrie fylke, takka vere FrP, og det ønskjer vi framleis å vere.

Prisen på Møreaksen vil hamne på kring 23 milliard kroner. I staden for å bruke pengar på ein veg folket ikkje vil ha, så kan vi heller bruke det på vegprosjekt som Voldatunnelen og oppgradering av andre vegar i fylket.

Andre viktige vegar som treng oppgradering er for eksempel E136 i Romsdalen.

Vi i Framstegspartiet meiner at Voldatunnelen bør prioriterast tidlegare enn det som er vedtatt i nasjonal transportplan. Dagens E39 gjennom Volda er ein flaskehals som bør takast vekk, og det skjer berre ved å bygge Voldatunnelen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!