I media kunne m.a. Randi Frisvoll i KRF fortelje at det var innført gratis buss i Ålesund, men at dei ikkje fann råd til heile kommunen.

For mange ville då tanken om å halvere billetten for alle vere innlysande, staden for å spandere gratisbillett for nokre privilegerte og la resten betale.

Men nei, ikkje i fylket vårt og ikkje i kommunen Ålesund.

For å få gratis buss til A-laget, dei fleste byfolk, let politikarane innbyggjarane i utkantane betale fullpris. Dette er forresten dei som allereie har største utgiftene for å kome seg inn til kommunesenteret.

Vi ønsker A-laget god tur, subsidiert av oss i utkantane som betalar fullpris.

Tenk mange trudde det var felles gode for alle i same kommune!