Sjå for deg at du får høyre at du må pakke alle sakene dine, forlate heimen din og flytte til ein ny stad. Du får ikkje vite kor du skal flyttast, ikkje kor tid eller kvifor. For einkvan ville dette føre til ein fortvilt situasjon, med stor uro over framtida og sorg over at livet slik du kjenner det vil ta slutt.

Dette er situasjonen bebuarane på avdeling Hustruhamna, Giske Omsorgssenter er i no. Det som hadde vore ei stor belastning for alle, er ekstra stor for gruppa med sårbare eldre som har omsorgsbehov. Dei har allereie ein gong flytta frå heimen sin og omrokkert livet sitt og no skal det skje igjen.

Vil det skje i morgon? Kjem dei pårørande til å få beskjed? Kjem eg til å få aleinerom? Kor i kommunen skal eg bu? Kjem eg framleis til å få besøk der? Kjem eg til å sjå att pleiarane som eg har blitt glad i?

Dei har allereie ein gong flytta frå heimen sin og omrokkert livet sitt og no skal det skje igjen.

I Sunnmørsposten sin sak om Hustruhamna får vi høyre ordførar Harry Valderhaug seie at dei kanskje ikkje har vore tydelege nok i kommunikasjonen. Problemet er at det har vore tilnærma null kommunikasjon. Ingen har kunne gitt svar på spørsmål som "kor må eg flytte?", "kva tid må eg flytte?", "kva slags tilbod får eg der?".

I same sak seier kommunalsjef Lene Bjørlo Overå at ingen skal få eit dårlegare tilbod. Mon det. Ein 95-åring som ikkje lenger kan få oldebarnet sitt på snarvisitt under ein trilletur, ei potensiell total utskifting av personalet – omgangskretsen din, kanskje rom på demensavdeling utan at du sjølv har demens. Det høyrast ikkje ut som eit likeverdig tilbod.

Ordførar Harry Valderhaug skryt av at det blir brukt mykje pengar på helse og omsorg. At han ikkje ein gong har et argument om ein umogleg økonomisk situasjon når ein riv opp liva til sårbare eldre med røtene er ikkje det kronargumentet han trur det er.

Snu før det er for seint. Eldre som har budd heime i heile sitt liv, men trenger litt omsorg no heilt på slutten, fortener ro og fred – ikkje uvisse om kor dei skal bu og kor tid dei må flytte. Det er levande, tenkjande menneske det er snakk om.