Eller kanskje det er ein 16- åring som dømer og gjer ei «domartabbe» som får avgjerande betydning. Dei fleste av oss som har vore med i breiddeidretten har opplevd dette, og i dei fleste tilfelle er det gløymd dagen etter.

I framtida er det ein stor fare for at dette ikkje blir gløymd. Saman med ei rekke særforbund har TVS2 og Amedia inngått ein avtale om å strøyme breiddekampar heilt ned i 15- årsalderen. Ønskjer vi denne utviklinga? Skal ikkje barn og unge få vere unge utan alt blir publisert? Ønskjer alle ungdomane dette?

Eg tvilar ikkje på at særforbunda har gode intensjonar. Jurist og president i fotballforbundet, Lise Klaveness, kommenterer dette i ein artikkel i nettavisa til Sunnmørsposten 16. desember. Ho er etter mi meining lite kritisk og argumenterer med at «vi trenger å auke engasjementet og tilgjengeligheten» og at det kan bidra positivt.

Ja, kanskje for nokre, men ikkje for alle. La oss gå tilbake til kampen i 15-års klassa. Kampen blir strøyma, den blir tatt opp og lagt ut på sosiale medier. Kan det føre til at syndebukken ikkje vil vere med neste sesong? Kan det føre til at den lovande dommaren som gjorde ei lita tabbe ikkje vil døme fleire kampar?

Ei av dei store utfordringane for breiddeidretten er fråfall. Sluttar ein, sluttar kanskje også bestevenen, og til slutt må ein trekke laget. Mange breiddeklubbar er avhengig av at alle er med. «Talenta» vil alltid få eit tilbod i andre klubbar.

Særforbunda argumenterer med at det er strenge retningsliner for strøyming av kampar, og at det skal vere god informasjon og foreldre skal gi samtykke. Kven skal organisere dette? Er det lagleiaren eller er det klubben? Kva om det blir brot på retningslinene? Som tillitsvalt og trenar i tjue år veit eg kva ansvar trenarar og lagleiarar har. Dei tek også på seg dette arbeidet i fritida si. Men kva ansvar har dei øvste leiarane i særforbunda som har gått i bresjen for dette?

Det blir argumentert med at ved å strøyme kampar kan besteforeldre som bur langt vekke følgje med på sine barnebarn. Eg er redd at det heller kan føre til at foreldre og andre heller ser kampen heime enn å møte opp for å støtte laget og borna sine.

Sjølv om særforbunda meiner det er mange gode intensjonar, fryktar eg at konsekvensane ikkje er godt nok greidd ut. Kva med dei sårbare gruppene og dei som ikkje har ei stemme? Kva ansvar har eg som politikar for desse? Mange idrettsanlegg er kommunale og fylkeskommunale og det gir oss politikarar eit ekstra ansvar. Har lokalpolitikarane i Møre og Romsdal tatt denne diskusjonen? Visst ikkje må vi gjere det.