Eg er ein av dei heldige som vaks opp i Langevåg sentrum på 60-talet. Eit sentrum som syda av liv, med ungar/leikekameratar i snart kvart hus. Butikkar som dekte alle behov. Her var kolonialbutikkar, bakarar, skobutikk, klesbutikk, elektrisk butikk, skomakar, jernvarebutikk, sportsbutikk, fiskebutikk, leiketøybutikk, bokhandel, gåvebutikk, fotobutikk, slaktar, garn/brodeributikk, osv. Her var 5–6 hundre tilsette på Devold og fleire bedrifter rundt om i Langevåg som sysselsette hundrevis av personar.

Det meste av dette er no borte. Det starta da bilen blei allemannseige og Moa etter kvart blei eit handelssenter. Dette kunne politikarane ikkje gjere noko med, då det var ei trend i tida som resulterte i at det meste av butikkar blei lagt ned.

På Devold-fabrikken blei det færre og færre tilsette og til slutt blei produksjonen lagt ned, det same har nå de siste åra skjedd med de fleste andre arbeidsplassar i Langevåg.

No er Langevåg sentrum som eit seniorsentrum med bustader og institusjonar, der dei same som sprang rundt i gatene og butikkane midt på 1900-talet no bur.

Flakk Gruppen har allereie brukt 200 mill. på å pusse opp Devold-området, og har derfor tilført bygda verdiar som no står på spel om gondolplanane blir stoppa. Det blir nok slutt på nye investeringar og vedlikehald, det blir ikkje fleire år med butikkar og heller ikkje julelys på pipa og heile området blir mørklagt i vintermånadene.

No har vi som politikarar ei moglegheit til å påverke kva vi ønsker av utvikling i Langevåg og kommunen vår, ved å spele på lag med Flakk Gruppen for å løyse dei problema som etter kvart kjem fram i reguleringa. Det er viktig å utvikle Devold-området som et nytt sentrum, handel og møteplass for oss alle, med gondolbanen som trekkplaster.

Vedlagt er eit bilde som viser korleis Devold-området såg ut før Flakk Gruppen kjøpte dette, og som då viser omfanget av kva dei har tilført kommunen med denne opprustinga.