Uheldig fordi eg måtte dit. Kjempeheldig som kom akkurat dit då behovet melde seg. Grunnen var at eg den 19. og 20. september, fekk to hjerneslag. etter det andre kunne eg ikkje å, bruke venstrehand, og knappast snakke.

Eg vart køyrd i ambulanse frå sjukehuset, og måtte ha hjelp til den minste ting då eg kom dit. Eg er berre så imponert over dei som arbeider der, terapeutar, sjukepleiarar og alle andre. All den kunnskapen deira, og evna til å inspirere til eigeninnsats i opptreninga er berre eventyrleg. Eg er no komen heim, og i stand til å greie meg sjølv, men det er ikkje mi eiga forteneste. At det fanst slik ein fantastisk stad, hadde eg ingen aning om.

Men etter å ha vore pasient der, er eg ein svoren tilhengar av staden. Det som slår meg, er at helsepolitikarane som kvart einaste år vil legge ned denne institusjonen, ikkje skjønar kva dei driv med. Har prøvd å google alternative tilbod i Møre og Romsdal, men Mork er det einaste eg får opp.

Mitt spørsmål er: kvar skal desse pasientane gjere av seg? Vel var det sagt at det var eit rehabiliterings-tilbod på sjukehuset, men det var to til tre vekers ventetid der. Når so ei veit at tid er nøkkelen for å få eit best mogleg resultat av opptrening når det gjeld slagpasientar, var dette eit heller dårleg tilbod. Heldigvis var det plass til meg på Mork.

Eg vil oppmode helsepolitikarane om å ta seg ein tur, sjå og snakk med pasientar tilsette og legg og merke til manglande vedlikehald. Det er ein kjend måte å få gjennom sine meiningar. Slurv med vedlikehald lenge nok, så kan nettopp det verte ei brekkstong for å legge ned. Nei, i staden for nedlegging, flytt Mork oppover på prioritetslista, løyv dei pengane som trengst, og gjerne så pass mykje at bassenget kan gjenopnast. Ein institusjon som ikkje berre gjer deg frisk, men også gjer deg glad i staden, burde ikkje vere nedleggingstrua heile tida. Den fortener så mykje betre. Hurra for Mork!