«At Øvstebø i KrF, Høgre, AP og SP jublar for at Ålesund druknar i bompengar, er eit brutalt bevis for at desse partia ikkje bryr seg om innbyggjarane som faktisk har valt dei.

Innbyggjarane fortviler, småbarnsforeldre, einslege, pensjonistar og andre slit no med skyhøge drivstoffprisar, kraftig auke i matvareprisane og renteauke pga. ei handlingslamma regjering støtta av Høgre.

At dei same partia har funne på noko så greinelaust som å loppe innbyggjarane i og rundt Ålesund for over 3 milliardar kr i bomringane i Ålesund er ei stor skam. Skam, fordi politikarane frå desse partia i årevis ikkje har makta å byggje ein meter veg i Ålesund, dette pga. både kompetanseløyse og mangel på politisk teft.

Ofte høyre vi frå AP, SP og Høgre spesielt om at skal ein byggje veg, så må bompengar til. Dette er berre eit fantastisk røveri av folk flest si lommebok, staten tar inn ca. 53 milliardar kr i bil og bilrelaterte avgifter, brukar ca. 19 milliardar kr i året på vegbygging.

Med andre ord, bompengane både i Ålesund og andre stadar er berre for å fylle opp ei allereie overfylt statskasse.

Om er det råd å byggje veg utan bompengar? I mi tid i fylkestinget har eg, med fleire,klart å få på plass berre i mi vesle bygd Stranda, to store vegprosjekt til ca. 2,1 milliardar kr utan ei krone i bompengar.

AP, SP, Høgre og resten av dei raud/grøne partia i Ålesund slik som Øvstebø sitt KrF, må altså loppe lommeboka til innbyggjarane for å byggje veg. Greinelaust elendig vil nå berre eg hevde!

Innbyggjarane får dei politikarane dei ynskjer.

I tida vi i FrP var i regjering, fjerna vi 1,4 milliard kr i bompengar her i fylket.

No ser det rimeleg klart ut at tidenes mest upopulære regjering som vi har no, vert kasta ut av regjeringskontora om ca. 3 år. Då er vi i FrP klare, og dersom eg til dømes skulle bli samferdselsminister, skal bommane vekk både her og der, og landet skal igjen lukte asfalt og nye vegar byggjast også utan bompengar.

Derfor bør dagens «regjering» i Ålesund også få «fyken» ved kommunevalet til hausten, der ein ordførar frå FrP kan rydde opp i kaoset frå AP og SP og resten av raudingane der.