Fødeavdelinga i Kristiansund er den einaste i landet som har eit stortingsvedtak på å halde ope. Det er løyvd 25 millionar kroner for å opne avdelinga igjen gjennom rekruttering for å sikre ei stabil og fagleg forsvarleg bemanning.

Senterpartiet og partileiar Trygve Slagsvold Vedum er tydelege, og Vedum gjentok bodskapen seinast 24. juni i Kristiansund, at føden ikkje skal bli stengt så lenge Senterpartiet sit i regjering.

Helse Møre og Romsdal har ikkje greidd å løyse denne oppgåva som Stortinget har vedteke. Sjefen for sjukehuset i Kristiansund og i Molde seier dei har strekt seg langt for å få til ei opning utan å lykkast, og han ser ikkje lyst på framtida for fødeavdelinga.

Ei stabil og fagleg forsvarleg bemanning er naudsynt for å sikre eit trygt fødetilbod, så når helseføretaket no vurderer det slik at ein ikkje kan halde ope, så må dei likevel sørge for at det skal vere trygt å føde på Nordmøre, gjennom mellom anna følgjetenesta.

Marit Nerås Krogsæter, fylkesleiar for Senterpartiet i Møre og Romsdal Foto: SENTERPARTIET

Det som no skjer i Kristiansund vil fort bli like akutt ved andre fødeavdelingar og sjukehus i landet

Det skal vere forsvarleg, men det gjer ikkje at helse- og omsorgsministeren kan sjå bort frå eit stortingsvedtak om at fødeavdelinga i Kristiansund skal vere open. Det er mangel på sjukepleiarar, jordmødrer, gynekologar og legespesialistar i heile landet, så dette er eit problem for fleire enn fødeavdelinga i Kristiansund.

Når heller ikkje denne regjeringa vil ta grep for å endre styringa av helseføretaka, er helse- og omsorgsministeren den politisk ansvarlege for å gjennomføre stortingsvedtaket.

Senterpartiet i Møre og Romsdal ber helse- og omsorgsminister, Ingvild Kjerkol, kome på banen med ein plan som gjer at Helse Møre og Romsdal kan sikre forsvarleg og stabil bemanning av fødeavdelinga i Kristiansund slik at den kan opnast og haldast open framover.

Helse- og omsorgsministeren må i tillegg komme opp med ein tydeleg plan for korleis ho vil legge til rette for at desse yrka blir attraktive i framtida slik vi kan få ei sikker og stabil bemanning både på sjukehusa, i følgjetenestene og i kommunane.

Det som no skjer i Kristiansund vil fort bli like akutt ved andre fødeavdelingar og sjukehus i landet. Dersom ministeren ikkje kjem på banen umiddelbart for å sikre fødeavdelinga i Kristiansund, vil våre stortingsrepresentantar følgje opp saka så snart Stortinget igjen opnar.