Verftsindustrien er ei viktig næring i vårt fylke, og burde difor gå i brodden for å sikre ordna arbeidsforhold for arbeidarane.

Sosial dumping forkasteleg av fleire grunnar.

For det første inneber den at utanlandske arbeidarar har uverdige og ulovlege arbeids-, løns- og butilhøve. Den kan føre til uheldige konkurranseforhold og sette press på norske arbeidstakarar sine vilkår. Samtidig hindrar den rekruttering og utdanning av nye fagarbeidarar til næringane.

Raudt meiner primært at dei som jobbar i verftsindustrien og andre næringar skal ha fast tilsetting.

Samtidig ser vi at det kan vere nødvending å leige inn andre firma for ta toppar i produksjonen. Historisk har dette ofte skjedd gjennom bruk av det lokale næringslivet, og verfta har på denne måten hatt betyding for omliggjande næringsliv.

Raudt meiner at det må stillast følgjande krav til firma som skal utføre underentreprise eller utleige:

Dei må har eigne tilsette og eigen verkstad og ikkje vere basert på utleige, og dei må ha tariffavtale og lærlingar. Raudt er ikkje i mot at ein kan bruke utanlandsk arbeidskraft, men dei må ha same vilkår som norske arbeidarar. Det kan kun skje når bedriftene har tariffavtale og ordna arbeidsvilkår, samt at dei bidrar til utdanninga av fagarbeidarar gjennom å ha lærlingar.

Raudt har difor i Arbeid og sosialkomiteen i Stortinget arbeidd for å forby bemanningsbransjen fordi den fører til utholing av retten til fast arbeid og ordna løn- og arbeidsvilkår.

Den situasjon som nå er avdekka i verftsindustrien underbyggjer også dei krava Raudt sin leiar Bjørnar Moxnes har stilt i samband med at Støre-regjeringa opprettar sitt EØS-utvalg, som skal utrede erfaringane med avtalen.

EUs krav om uregulert import av arbeidskraft legg kraftig press på norske lønns- og arbeidsvilkår og på det organiserte arbeidslivet. Difor meiner Raudt at Stortinget bør fatte vedtak som går lenger enn berre å utrede erfaringar og ta med utgangspunkt i krava frå LO og Fellesforbundet.

Raudts forslag er:

  • «Stortinget ber regjeringen sikre at det utredes hvordan norske tariffavtaler og norsk arbeidslivslovgivning gis forrang foran EUs regler, i tråd med LO-kongressens krav».

  • «Stortinget ber regjeringen sikre at det utredes hvorvidt ESA og EFTA-domstolens kompetanse innenfor arbeidslivsområdet er en hensiktsmessig del av EØS-avtalen, eller om dette kan løses på en bedre måte.

  • «Stortinget ber regjeringen sikre at det utredes hvordan Norge kan utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen gjennom å følge Islands modell med å innføre EU-/EØS-lovgivning bare så langt det er passende».

Dersom Norge lar EUs lover og domstol stå over norske reglar og avtalar så vil det vere fritt fram for industrien å nytte sosialdumping utan at norske myndigheiter kan gripe inn.