Tala frå det tekniske berekningsutvalet (TBU), som kom før vinterferien, viser tydeleg at praktiseringa av frontfags-modellen må endrast.

Unios grupper i offentleg sektor kom svært dårleg ut i 2020 samanlikna med privat sektor. No er fasiten her, og den viser med all klarleik at det same er tilfellet for lønnsveksten i 2021. Av offentleg tilsette kjem undervisningspersonalet spesielt dårleg ut.

Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at nær kvart femte lærarårsverk i Noreg blir utførte av folk utan godkjend lærarutdanning, og ei undersøking Respons analyse utførte i fjor viste at over 50 prosent av lærarane hadde søkt, eller vurderte å søkja, jobb ein annan stad enn i skulen. Samtidig opplever vi nedgang i søkjartala til grunnskule-lærarutdanningane. Det er beint fram ikkje haldbart, verken på kort eller lang sikt.

Det er dramatisk for heile samfunnet, både innbyggjarar og næringsliv, når tenestene dei forventar, og har krav på, frå det offentlege blir dårlegare fordi offentleg sektor taper kampen om arbeidskraft. Det er uansvarleg og uforsvarleg dersom denne utviklinga får halda fram. For at velferdsstaten skal kunne rekruttere og behalde kvalifisert arbeidskraft er det behov for ei høgare ramme i offentleg sektor for dette oppgjeret.

Då frontfags-modellen vart greidd ut i 2013, sa Holden III-utvalet: «Det er viktig at det er tilstrekkeleg fleksibilitet i lønnsdanninga i offentleg sektor til at det offentlege kan behalda og rekruttera kvalifisert arbeidskraft i område med sterk konkurranse frå private arbeidsgivarar».

Denne fleksibiliteten har vi sett lite til dei siste åra. Det er meir enn påfallande at det berre er offentleg sektor som har halde seg til den økonomiske ramma som vart bestemt av LO og NHO. Ikkje eingong industrien sjølv heldt seg til den ramma som vart lagde, og som dei sjølv meiner er avgjerande å halde seg til. Industrifunksjonærane, som det er naturleg for langtidsutdanna i offentleg sektor å samanlikna seg med, hamna langt over. Det er freistande å spørje seg om frontfagets funksjon er redusert til å halde lønnsutviklinga for dei med lang utdanning i offentleg sektor nede?

Det er freistande å spørje seg om frontfagets funksjon er redusert til å halde lønnsutviklinga for dei med lang utdanning i offentleg sektor nede?

Det er fullt mogleg å få til ei høgare ramme for offentleg sektor godt innanfor det som er frontfags-modellen. Frontfags-ramma skal vera ei norm, ikkje eit golv eller tak. Lærarar i barnehagar og skular opplever seg sjølvsagt ikkje verdsett med dagens praktisering av frontfaget. Det passar aldri at vi blir prioriterte. Dette fører til at tilliten til frontfags-modellen som system for lønnsoppgjera blir svekka. Det burde bekymra fleire enn oss, og vera eit tema fleire enn partane i arbeidslivet diskuterer.

Arbeidsgjevarane har ansvar for å snu denne utviklinga, og å bruke fleksibiliteten i frontfags-modellen til å auke ramma for offentleg sektor. Berre då kan vi klare å rekruttere og behalde nok kvalifisert arbeidskraft i dei offentlege velferdstenestene.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!