Coop-butikkane på Larsnes, Leikong og Tjørvåg skal leggjast ned. Styret v/ Sørlien har, i sin store visdom, registrert: «[…] at kundane vel vekk desse butikkane til fordel for lågpris-butikkane.»

Hurra! Hurra! For ei oppdaging! Tenk at kundane tenkjer på prisen? Det var nytt, det! Aha, det er altså grunnen til at salet går ned på desse butikkane. Pris? Tenk det!

«Vi beklagar sjølvsagt dette og har prøvd i det lengste å halde oppe butikkstrukturen slik den har vore, det er viktig for Coop Nordvest å ha butikkar der kundane og medlemmane bur.[…], seier styreleiar Geir Årvik i Coop Nordvest.»

Krokodilletårer er ikkje mykje å bry seg om.

Sørlien, Årvik – leiinga nasjonalt – veit inderleg vel at dersom Coop-butikken på Larsnes på Leikong og Tjørvåg hadde hatt same pris på varene som Coop-Extra, så hadde vi sjølvsagt handla daglegvarene i bygda. Kvar elles? Det trengst uhyre lite vit for å forstå det.

Eg har fått stadfesta, på høgste hald, at varene på Mega, Extra og Coop-marknad kjem frå nøyaktig same kjelde. Likevel er det så stor skilnad i pris.

Ein tilfeldig daglegvare-kassalapp (butikken på Leikong) viser: 182,10 kr. Om eg hadde handla, nøyaktig same varene på Extra hadde eg betalt 136 kr. Forståeleg? Nei og atter nei!

Eg får vite at det er uråd å halde eins pris. Forstå det, den som kan.