Eg følgde saka om kommuneoppløysing som vart behandla av kommunestyret torsdag 17. mars, og til liks med mange andre reagerte eg med sjokk og vantru etter vedtaket om å søke lausriving for Haram MED grensejustering for krinsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda.

Korleis i himmelens namn kunne eit fleirtal med ansvarlege (?) politikarar plutseleg berre smette inn at det skal vere grensejustering når det verken har vore konsekvensutgreidd eller tema i folkerøystinga?

Det er rart kor viktig det var med konsekvensutgreiing då det kom krav om lausriving for heile Haram, medan det tydelegvis ikkje spelar noko rolle når det er snakk om grensejustering og berre halve Haram ut. Forstå det den som kan. Det var i alle fall ingen som avla si stemme i gamle Haram som stemde for berre halve Haram ut.

Ein kan spørje seg om politikarane ikkje forstod kva dei var med på å vedta? Eller om det var eit nøye planlagt stunt frå «dei inste krinsar» i eit forsøk å få departementet til å skrinlegge søknaden om kommuneoppløysing.

Ikkje veit eg. Men sjokkerte innbyggarar opplever i alle fall stuntet som eit alvorleg tillitsbrot, som vil sitte lenge i og som ikkje vil vere gjenoppretteleg i denne kommunestyreperioden. Politikarforakta og behovet for å skilje lag har langt på veg forsterka seg etter dette. Her trur eg politikarane som stemde for grensejusteringa til sjuande og sist skaut seg sjølve i foten.

No er søknad om utskiljing av Haram kommune og nye kommunegrenser sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet. Så får vi berre håpe at departementet ser vekk frå det «kreative sidesporet» frå kommunepolitikarane, og skil ut heile Haram kommune, i tråd med kravet frå HUAÅ og det eit stort fleirtal av haramsborgarane ønsker.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!