Eg las stykket som «Sjukepleiarstudent» skreiv i avisa 22/12. Vi veit at nedleggingsspøkelset også tidlegare har hengt over Mork. Mange av oss pårørande på Sunnmøre har også personleg erfaring med menneske som ikkje veit kva dei skulle gjort utan dette rehabiliteringssenteret.

Eg har hatt nær slekt som har vore på Mork som brukar, og fått hjelp og rehabilitering. Etter behandling og oppfølging frå eit engasjert og kompetent personale har dei til slutt fått komme heim.

Eg trur det kan vere behov for eit byte av skipper hos Helse Møre og Romsdal. Om ein skipper ignorerer mannskapets behov vil han fort ende opp med å segle åleine, eller rettare, å ikkje segle.

Eg har arbeida på mange båtar i mitt liv, og eg veit kor viktig det er med kompetent mannskap. Ein må lytte til dei, og høyre kva dei fortel dersom ein skal ha resultat. Viss ikkje er skipperen fri for mannskap.