Først så går tankane både til den som omkom, deira familiar og dei som var vitne til tragedien. Igjen er nokon merka for livet. Det skjedde igjen, denne gongen på fylkesveg 61, ved Vikane, mellom Sunde og Mauseidvåg. Dette er den vegen i fylket som har flest trafikkulykker med store personskadar og fleire av ulykkene med døden som utfall. Strekninga på E39 som går frå Blindheimstunnelen og vidare til fylkesveg 61 frå Solevågseidet mot Sulesund er ei dødsfelle. Det er sjølvsagt mange grunnar til at det smell, men det er et faktum at vegen er uoversiktleg med fleire farlege kryss langs strekninga.

I over 20 år og minst 5 ordførarperiodar har folk, industri og kommune varsla vegmyndigheitene om forholda. Det har vore som å snakke til veggen! Dei held oss med godt prat. I alle fall når vi ser på resultatet. Ekstra avkøyring ved krysset til Mauseidvåg blei til fordi kommunen forskotterte prosjektet. Planlegging og utforming av nytt Veibustkryss er så langt kosta av industrien og kommunen og ligg framleis hos Vegvesenet.

Det ser ut som det er umogleg å få ein lovnad om at prosjektet blir sett i verk. Det har i periodar blitt skulda på at der kjem ein ny 4-felts E39, og at det derfor blir det bortkasta å bruke pengar på den eksisterande vegen. Men slike utspel veit alle er fullstendig urealistiske. Kven innbiller seg at det blir bygd ein ferdig firefeltsveg gjennom Sula dei neste 20 åra? Og kor mange liv skal det gå med i mellomtida?

Ingen vegmyndigheit tør å ta ansvar, og skuldar på pengar. Her spelar myndigheitene russisk rulett med trafikantane. Tiltak rundt om på ulykkesbelastande strekningar, er i staden å sette ned farta og bygge fartsdumpar for å sikre. I rike Norge! Gjeld ikkje tilrettelegging for vegtrafikklova også for myndigheitene?

Det blir bygd vegar og bruer. Tresfjordbrua har ein trafikk på ca. 2.500 bilar i døgnet, og Kvivsvegen frå Volda mot Stryn har ca. 2.500 bilar i døgnet, for å nemne nokre. Honnør til dei som greidde å få til det. Kva med strekninga E39 frå Vegsundbrua mot Sulesund som i dag har ca. 17.000 bilar i døgnet, der det i periodar er langt meir trafikktettleik når det også kjem stor trafikk frå ferjesambanda?

Vi har hatt besøk av ei rekke samferdselsministrar og politikarar sentralt og frå fylket, både hos kommune og industri. Alle utan unntak seier at dette må vi gjere noko med! Skjer det? Når nye ulykker oppstår, ser det ut til at ingen kan stillast til ansvar.