At eg håpar pengane blir brukt klokt. Og at eg håpar eg ikkje får så mykje igjen for pengane sjølv, for det betyr at eg er frisk.

Så vakna eg litt inni den første timen av 25. februar til store smerter. Det var ikkje noko å lure på. Nyrestein. Eg har hatt det før. Forskjellen denne gongen skulle bli at i førre runde var det eitt anfall, så litt morfinhjelp, så var det over. Denne gongen skulle det bli store smerter, maksimalt med smertestillande og minimalt med søvn gjennom to netter, før prøvene viste ytterlegare svekka nyrefunksjon, før eg vart operert.

Alle betaler det same når skada eller sjukdommen er skjedd: Ingenting.

Akkurat no i skriveprosessen på denne teksta, er eg framleis i pysjen som er eigd av Ålesund sjukehus. Eg ventar på frukost på skattebetalarane si rekning og eg blir utskriven i dag om prøvene er fine.

Eg har hatt ei tøff helg, men sit som alltid etter harde tak igjen med mitt mantra: Don't be a double loser. Også denne opplevinga kan brukast til noko. Først og fremst takksemd. Eg er takksam for at helsa mi trass alt er god. Det er 28 år sidan sist eg var innlagt og det har knappast vore fråvær frå utdanning og jobb etter det. Dårleg helse er belastande for ein sjølv, men også for omgivnadane. Der er ungar, jobb og planter å passe på for eksempel. Eg er takksam for gode hjelparar som passar på flokken, jobben og vatnar vekstane.

Og så er eg først og fremst takksam for velferdsstaten. Sist gong eg var innlagt var det like akutt, men det vart fleire dagar, eit førtitals sting og dyrare for skattebetalarane. Eg var student då og hadde ikkje bidratt til statskassa i monaleg grad. Om ein er student eller tilsett i eit teknologiselskap bryr ikkje velferdsstaten seg om. Dei to andre på rommet var pensjonistar. Alle betaler det same når skada eller sjukdommen er skjedd: Ingenting.

No når eg skriv dette er eg i mine eigne klede igjen og betalar straks for bussen heim. Tre dagar gratis med måltid, morfin, fagkunnskap og omsorg. Så 66 kroner for Slinningen-bussen via sentrum og 42 kroner for ein pakke Paracet på lokalbutikken.

Eg skal tilbake for ein nytt inngrep om 14 dagar, men no sit eg på bussen heim med ein stent i kroppen som skal halde meg med helse og humør til eg skal tilbake. Eg håpar dei som jobbar på sjukehuset blir der. Stadig fleire sluttar. Det siste halve døgnet utanfor det velsignande sløret av dei sterkaste smertestillande, såg eg klarare kva dei skriv om i kronikkar og på Facebook-statusar. Det er ein krevjande jobb som handlar om liv og død, tunge løft, i tronge kår og med vilkår som elles står godt tilbake for det vi hadde forventa av ein kva som helst anna arbeidsplass.

Siste del av denne skriveprosessen skjer etter at eg er heime og kjem som ein appell: Offentleg helsepersonell tek vare på oss når vi treng hjelp. Og vi må ta vare på dei.

Teksten blei først publisert på forfattaren si Facebook-side 27. februar. Redaksjonen.