Men så lenge det er i Oslo det blir bygd, ja så er visst alt vel. Berre overskridingar på Stortingsgarasjen var på mange milliardar. Var det eit berekraftig prosjekt? Kvifor ikkje flytte heile Regjeringskvartalet og Stortinget til Gardermoen? Det ville spart storsamfunnet for mange milliardar. Berre på overskridingar på Fornebu-banen, er den kommen opp i fleire milliardar kroner. Heilt stilt der om at pengane heller kunne gått til bekjempelse av fattigdom i Norge. Men når bygging av Stad Skipstunnel med sine 4 milliardar kroner kjem opp som sak, så kjem bekjempelse av fattigdom opp?

Eg har sjølv hatt ein jobb med å få fraktebåtar rundt Stad. Tapa var så store for selskapet eg jobba for vi året etter slutta med båttransport frå Møre til Nordfjord. Tap for selskapet og reiarlaget som dette har aldri vore registrert i pluss for tunnelen. Så her er mange mørketal som skulle vore med. Vi var garantert ikkje dei einaste som har tapt store beløp på at båtar ikkje kom seg rundt, og vart liggjande vêrfaste på nord og sørsida av Stadlandet.

Kor kjem verdiskapinga frå i Norge? Olje- og gassproduksjon? Oppdrettsnæringa? Fiskeri? Matproduksjonen osv.? Er det ikkje distrikta som har finansiert mange av prestisjebygga som har vore bygd i Oslo-gryta det seinaste årene?

Norge har god råd til å ta seg av dei som sit nedst ved bordet. Men Norge har og god råd til å bygge opp god infrastruktur rundt om i landet. Og ikkje minst bygge Stad Skipstunnel – som tryggar menneske, fartøy og varer på eit av verdas verste havstykke.

Utan at Oslo-pressa skal dra fram dei som treng mat på bordet for å få stoppa dette viktige prosjektet.