Det er vel berre rett og rimeleg at dei krinsane som med tvang vart slått saman med Haram kommune frå 1.1.1965 må få sleppe den same tvangen i 2022. Den delen som Ålesund kommunestyre 17. mars søkjer skilt ut etter Inndelingslova, svarar med få unntak til gamle Haram kommune fram til 31.12.1964.

Vatne kommune blei – med tvang – slått saman med Haram kommune frå 1.1.1965. Det same var tilfelle med Gamlem, Søvik og Grytastranda. Dei bygdene blei med tvang overført frå Borgund til nye Haram kommune frå 1.1.1965. Desse valkrinsane signaliserer stilt og vagt som eit lam i 2022 at dei ønskjer å halde sin identitet, sine røter og si framtid i Ålesund

Folket, lokaldemokratiet, valløfta til Senterpartiet, aksjonsdemokratiet og elitemakta, er tidvis prega av eit tåkesyn og tunnelsyn der eit halmstrå blir til store avlingar. Tvangsgutane Geir I. Lien og Trygve S. Vedum rir mange hestar. Alt kan nemleg ende i ein tvang mot det rådande demokratiet, viljen, identiteten til mange og historia deira. Kommunestyret i Ålesund har det representative demokratiet bak seg. Dei har talt. Når tre ulvar og ein sau sit rundt eit bord og diskuterer kva dei skal ha til middag, er menyen ofte gitt. Utanfor verneområdet til aksjonistar og politiske parti, og i Lova, har forliket ofte større tyngde. Dei som ivrar for å få attende Haram kommune, får no attende Haram kommune før 1965. No med eit berekraftig, fast vegsamband og endringsvilje.

Det er tre historielag i denne delen av Ålesund:

  1. Haram kulturhistoriske lag (HKL) har gamle Haram som sitt geografiske område. Dvs. Brattvåg, Hildre og Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/ Skuløy og Fjørtoft. Skipa 1972.

  2. Sogelaget for Hamnsund sokn har Nordre Borgund som sitt geografiske område. Det vil seie frå Krogsethagen på Grytastranda til og med Bjørnøya, inklusive Store-Kalvøy og Torholmen. Skipa 1992.

  3. Vatne Sogelag har gamle Vatne kommune som sitt geografiske område. Det er frå Vadset i sør, til Samfjorden i nord, og frå Krogsætra i aust til og med Slyngstad i vest. Skipa 1981.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!