No er det urolege tider, med Russlands krigføring som eit usikkerheitsmoment for oss alle. Då blir temaet beredskap naturleg nok sett på dagsorden for fullt. Då vil eg understreke at Senterpartiet over lang tid har vore opptatt av beredskapstenking generelt og matberedskap spesielt.

Vi forstår at beredskap er noko vi må tenkje på i fredstid, for at samfunnet vårt skal vere budd på kriser og krigar. Dessverre har forståinga for moglege kriser og konsekvensane av slike vore dårleg frå andre hald. To døme: Vi vil ha ein skikkeleg gjennomgang av den totale beredskapen i Norge for å kunne gjere nødvendige forbetringar. Under førre regjering føreslo vi derfor fleire gongar å sette ned ein totalberedskapskommisjon, men fekk som svar frå Høgre-regjeringa at temaet var godt varetatt. Det var det ikkje. Vi gjorde også framlegg om å opprette matkornlager, men Erna Solberg svarte at det er nok fisk i havet.

Denne haldninga frå Solberg og Høgre er trist. Særleg fordi H i kompaniskap med Frp, V og KrF også viste ein kronisk manglande vilje og evne til å satse på norsk landbruk.

Det er viktig å kombinere beredskapslagring av matkorn med å ha sterkt landbruk i alle deler av landet. Den viktigaste matberedskapen er trass alt å ha ein jamn og sterk nasjonal matproduksjon, mest mogleg basert på norsk fôr og norske innsatsvarer. Kjøttet, mjølkeprodukta og egga vi får frå husdyrhald er saman med den verdifulle fisken heilt avgjerande for at vi nordmenn skal ha nok tilgang til energi i krisetider. Matkornlager er ein del av den totale matberedskapen.

Senterpartiet kjem til å arbeide for betre beredskap framover, også når det ikkje skjer kriser. I regjeringserklæringa til Senterpartiet og Ap frå oktober i fjor slo vi fast at vi ville sette ned ein totalberedskapskommisjon. Dette har vi allereie gjort, og denne kommisjonen skal gjere ein grundig jobb. Vi varsla også at vi ville opprette beredskapslager for matkorn igjen. Det er bra at landbruksminister Sandra Borch under Kornkonferansen i januar varsla at det så raskt som mogleg vil kome eit forslag til Stortinget om korleis dette skal gjennomførast i praksis.

Bøndene gjer ein fenomenal innsats for oss alle over heile landet. For at vi skal ha ein god totalberedskap, må vi jo ha god matberedskap. Derfor vil Senterpartiet og Ap saman i regjering løfte landbruket ved å tette inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper. Å satse på landbruket er å satse på framtidas Norge og sikre innbyggarane nok mat både i fredelege tider og i krisetider.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!