Krig er ikkje noko nytt. Noreg har nyleg vore med i to åtakskrigar, i Afghanistan og Libya. Den eine tok slutt for nokre månader sidan. Regjeringa har laga plan for nye krigar. Separatavtale om eigne USA-basar på norsk jord kjem på sida av og i staden for NATO-avtalen.
Basane på flyplassane Sola, Rygge, Evenes og marinebasen Ramsund ved Narvik skal bli fast militært USA-område med amerikansk personell, amerikanske fly, skip, bomber og utstyr. Norsk lov og rett skal ikkje gjelda på området. USA får rett til å bruka makt mot norske statsborgarar på norsk jord. Dette står i avtalen. Det liknar hersetjing, okkupasjon. Stikk i strid med avtalen påstår talsmenn for regjeringa og Ap at dei skal ha full kontroll med basane.
Norsk basepolitikk må endres
Ikkje NATO og ikkje norske styresmakter skal avgjera kva tid det skal bombast. USA skal ha fri bruk av basane. Frå norske flyplassar skal bombefly starta, og frå norske flyplassar kan krig setjast i gang. Med dette blir vi med i USA-krigar kor som helst i verda anten vi har slutta oss til eller ikkje. Motsett NATO, der medlelanda i fellesskap avgjer. USA-basane blir eit stort skifte: frå felles NATO-forsvar til norsk-amerikanske bombekrigar.
Vilkåret for norsk medlemskap i NATO har til nå vore at i fredstid skal det ikkje vera framande basar her. Dette har gjort vår stilling klar; at for oss handlar det om forsvar og om å sikra freden. Det skal ikkje lenger vera norsk utanriks- og forsvarspolitikk.
Alle veit at USA startar og fører langvarige krigar mot fattige land. Og USA har planar om fleire krigar. Dei mest kjende: Vietnam, Laos og Kambodsja, Afghanistan, Irak, Libya. Krigane er starta med tome påskot og lygner som tidleg vart openberre. Med desse krigane har USA (og etter 2000 vi) påført verda stor skade. Ingen av desse krigane har styrkt USA. Noreg automatisk med i nye USA-krigar vil på mange måtar kosta oss dyrt. Åtak er aldri forsvar; kjem som regel til kort mot rettferdig forsvar. Med baseavtalen påfører vi andre og oss sjølv stor skade.
Stortinget kan og må stoppa denne drastiske endringa av norsk utanriks- og forsvarspolitikk. Til det trengst klokare og sterkare folk på Stortinget enn dei som sit i regjeringa.