Gjennomsnittet av våre kommunar hadde i 2021 ei gjeld på 111,9 % av brutto inntekt, mens gjennomsnittleg gjeldsnivå i landet var på 93%.

Med ei så høg gjeld, må kommunane bruke meir av driftsmidlane til å betale rente. Dette er pengar som kan brukast til å drive viktige kommunale tenester. Å redusere gjeldsnivået er derfor det viktigaste tiltaket for kommunane våre no.

Netto driftsresultat for alle kommunane landet er på 4,3 %. Gjennomsnittet for kommunane i Møre og Romsdal er berre på 1,8 %. Heile fem kommunar i fylket har eit negativt netto driftsresultat. Det betyr det at dei har større utgifter enn inntekter.

Mindre på bok

På landsbasis hadde kommunane sparepengar som utgjorde 13,7 % av driftsinntektene i 2021. I Møre og Romsdal er talet noko mindre 8,9 %. Heldigvis betyr det at kommunane framleis har ein del pengar på bok, og derfor ikkje er heilt blakke.

ROBEK er eit register som kommunar med dårleg økonomi vert registrert i. Som ROBEK-kommune får ein ikkje ta opp lån til nye investeringar utan at statsforvaltaren gir si godkjenning.

Eg fryktar vi vil sjå fleire kommunar innført i ROBEK i åra framover, om ikkje dei kommunane som ligg dårlegast an no tek nokre krevjande grep

I Møre og Romsdal er det i dag to kommunar som er innført i ROBEK-registeret, og derfor har noko redusert økonomisk handlefridom. Eg fryktar vi vil sjå fleire kommunar innført i ROBEK i åra framover, om ikkje dei kommunane som ligg dårlegast an no tek nokre krevjande grep.

Tøffe prioriteringar

Til hausten skal kommunane igjen i gang med arbeidet med budsjett og økonomiplan. Ei langsiktig økonomiforvaltning må vere målet. Det kan bli tøffe prioriteringar i kommunestyra rundt om.

Det forpliktar politikarane til å ha ei berekraftig økonomiforvaltning, samstundes som dei legg til rette for at innbyggarane skal få dei tenestene dei har krav på.

I dette ligg det eit tungt ansvar på kommunestyret uansett posisjon eller opposisjon. Eit godt klima mellom politikarane legg gode rammar for å lukkast i dette viktige arbeidet. Vi ser at dei kommunane som har etablert eit godt og tillitsfullt samspel mellom det politiske nivået og administrasjonen, lettare får gjennomført naudsynte prioriteringar.

Statsforvaltarens rolle:

Statsforvaltaren held oversikt over den økonomiske situasjonen i kommunane på vegne av regjeringa. Vi utarbeidar årleg ein rapport som viser ulike nøkkeltal der kommunane i Møre og Romsdal blir samanlikna med kommunane elles i landet.

Oppdatert oversikt viser at våre kommunar i snitt har svakare driftsresultat, høgare gjeld og mindre sparepengar enn snittet nasjonalt. Det er både mogleg og nødvendig å snu dette for å møte framtidas utfordringar og varsla renteauke.