Eg starta ordskiftet med Elias Vågnes for fleire år sidan fordi eg meinte det var gale at han skulle få forkynne eit ateistisk livssyn i Sunnmørsposten og vi kristne ikkje skulle få forkynne vårt kristne livssyn. EV trur at Gud er oppdikta eventyr slik Karl Marx hevda. Dei marxistiske kommunistane meinte at Guds-trua var årsaka til krigar og mesteparten av problema i verda. Dei ville avskaffe religiøs overtru og slik skape ei betre verd.

Sjå det siste innlegget til Elias Vågnes her:

Historia har vist gong etter gong at leiarar som skal forsvare gude-bildet eller livssynet sitt med fysisk makt er Gud sine verste fiendar. Jesus viste oss denne djupe vondskapen i oss menneske då han avslørte farisearane og dei skriftlærde. Det kosta Jesus spott, tortur og til sist døden på krossen. Det var ikkje Gud si makt og ære dei kjempa for, men si eiga makt og ære. Hitler misbrukte Darwin si utviklingslære til å hevde at germanarane stod øvst på utviklingsstigen og at han var utpeika av Gud til å vere verda sine frelsar – til å forsvare kristendomen mot kommunistane sin gudlause vondskap i Russland. No er det Putin i Russland og den ortodokse kyrkja som hevdar at dei forsvare kristendomen mot Vesten sin vondskap. Putin «misbruker Guds namn» og drep uskuldige ukrainarar som ikkje vil underkaste seg. Putin og Russland si makt og ære. Dette er i dag eit tydeleg bilde som eg trur vi er samde om.

Men ateisme – å fornekte Gud er ikkje ei god løysing. Vi har sett fruktene av det marxistiske livssynet. Det skapte ikkje eit paradis på jorda slik Marx forkynte, men resultatet vart meir likt eit helvete på jorda – kvifor? Når menneska forkastar Gud og dei 10 boda fer vi menneske-bod. Menneske-boda vert forma av vår egoisme – lyst, makt og ære. Dette skapar menneske-gudar som vil forsvare sitt ateistiske livssyn som Stalin, Mao, Pol Pot og Kim-ane i Nord-Korea. Men, det er ikkje noko betre med dei som vil forsvare gudebilde sitt med våpenmakt som Hitler, Putin og Muhammed – IS. Dei gjer også seg sjølve til menneskegudar og bryt Guds ti bod.

Jesus er ei svært viktig inspirasjonskjelde for fridomskampen i Ukraina i dag og var det også for vår fridomskamp. Fridomskampen er verdt å kjempe og ofre livet for. No kjemper eg for at Vigra Kringkastar kan verte eit krigs-minnesmerke for å halde denne fridomskampen levande i Norge – «eit senter for ytringsfridom og demokrati». Det er ikkje tilfeldig at denne fridomen finn du stort sett i dei landa som over lang tid har vore prega av Jesus sin bodskap og den manglar dessverre i dei fleste andre landa i verda i dag.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!