Her vert det i klartekst sagt at det er heilt opp til borna å vise kva kjønnsidentitet dei har. Ved fødselen vert det sagt at det er legane som avgjer kva kjønn den nyfødde har.

Å verte tildelt eit kjønn ved fødselen, verkar mot mi sunne fornuft. Kjønn – jente eller gut – er då noko vi til alle tider har sett og stadfesta ved fødselen. «Det vart ein gut», er ofte noko mor får høyre når babyen kjem til verda. I vår moderne tid kan vi få vite kjønn før fødsel, men vi tildeler ikkje.

Eg tek med noko lite frå ei naturfagbok for 3. og 4. årssteg i barneskulen: «Kjønnsidentiteten din er din eigen tanke om kven du er, og korleis du ser deg sjølv. Du kan tenkje på deg sjølv som gut eller jente, eller ikkje vite heilt. Du kan ønskje å verte kalla han, ho eller hen, eller kva du vil.» «Med klede, hårfrisyre, kva du leikar med og kva du gjer, kan du vise kva kjønnsidentitet du har. Kan vise om du føler deg som ein gut, ei jente begge deler eller ingen av delane. Kva du viser, kan vere likt eller ulikt frå kva kjønn du har.»

Vi vil finne at desse synspunkta gjennomsyrer fleire av fagplanane og lærebøkene frå barneskulen av. Naturfag, samfunnsfag og KRLE målber dette med kjønnsidentitet som viktige kompetansemål i vedtekne fagplanar. Planar som våre fremste folkevalde har godkjent. Eg er undrande til at dette let seg gjennomføre i eit demokratisk samfunn som vårt, eit samfunn som ofte definerer seg med ein kristen grunnvoll. Kvar har skulen sine folk plassert seg, kvar har forelda vore? Har kyrkja og biskopane våre godteke denne utviklinga – også på dette området i samfunnet vårt.

Mitt motto vil vere: Gut eller jente – observert ved fødsel. Politisk ser eg det rett at fagplanane og lærebøkene knytt til kompetansemålet kjønnsidentitet vert endra. Det er nemleg heilt utruleg kva skulen skal presse inn på elevar frå barneskulealder av. La vi spare dei for alt dette.