Dette vart ei ny oppleving for meg. Gudstenesta starta med Einar Skjæraasens vakre salme «Himlen blåner for vårt øye».

Neste salme var «Å leva det er å elska» av Anders Vassbotn. Eit soloparti av ein ung gut fylgde. Teksten fekk eg ikkje med meg, berre komponisten som var Händel.

Og så et mellomstykke Bruremarsj frå Voss, kalla «Nøringen». Det kunne tyde på at organisten hadde fått for lite tid til øvinga, ikkje så med hardingspelemannen.

Eg hugsar frå mitt eige bryllaup at eg ville ha ein bruremarsj frå eigne heimtrakter, men organisten fekk for lite øvingstid. Kan dette tyde på at norske organistar har for lite opplæring i norsk folkemusikk og kan noko gjerast med det?

Gudstenesta vart avslutta med «Med Jesus vil eg fara» av Elias Blix.

Postludiet var «Solbrura» og da sat kyrkjelydar heilt roleg til musikkstykket var over.

Presten talte over teksten «Har vi fått som fortent?». Ein tankevekkar i desse streiketider. «Har vi fått like mykje som dei andre?». Som sagt, denne stunda gav meg mykje.

Det eg tenkjer no er at NRK har skjønt at skal folkemusikken overleva, må han presenterast på ein eller anna måte.

Denne gudstenesta vart ein pause frå amerikansk skramlemusikk som vi har nok av elles. Sett deg ned ein laurdagsmorgon og sit i ro til søndag kveld og spør deg sjølv om du trur ei eldre dame har hatt stor glede av TV-sendinga desse dagane.

Eg godtek ikkje kommentarane «du er for gamal». Heldigvis er eg ikkje for gamal til å halde fram med mitt samfunnsengasjement. Eg nektar å godta at alder skal gjere meg ute av stand til å meine noko om samfunnsutviklinga.

Tvert imot har kanskje lærdom i livets skule gitt meg sterk kritisk sans. Vi har mykje å sjå tilbake så vi kan samanlikne.

Som sagt har kanskje NRK og andre oppdaga at folkemusikken kan gjerast kjent på mange ulike måtar. Det håpar eg.