Helse Møre og Romsdal skal spare 300 millionar slik ein har økonomi til å mellom anna å fullføre det store utbyggingsprosjektet av Ålesund sjukehus og det nye sjukehuset i Molde.

Innsparingskrava kan ramme 40 tilsette på Mork rehabiliteringssenter, fødeavdelinga i Volda, tre ambulansestasjonane på ytre søre, og ambulant seksjon i Myrvåg.

Tiltaka går hardt utover distrikta, noko som fører til tap av statlege arbeidsplassar og eit mindre pasientnært tilbod og fagmiljø stå i fare for å verte pulveriserte.

Ein har forståing for at leiinga er pressa på å få gjennomført ulike innsparingskrav slik ein får gjort nødvendige investeringar. Det må likevel sikrast at ein får til gode prosessar og at alternativ tiltak kan vurderast. Det kan heller ikkje vere slik at alle innsparingskrav skal takast frå distrikta som nasjonalt er bestemt skal satsast på.

Å sjå lokalbefolkning, pasientar, tillitsvalde og politisk apparat kjempe for viktige tilbod for pasientar lokalt gjer dette sterkt inntrykk.

Når funksjonar vert sentralisert så går det ofte utover det totale tilbodet. Dette vert ofte ikkje omsynstatt. Til dømes så kan ambulanseteneste i mange tilfelle av sentralisering få auka transportoppdrag, fare for samtidskonflikt når funksjonar vert flytta og akuttberedskap redusert.

Eg håper at lokalt engasjement og god nok medverknad frå dei tillitsvalde og verneteneste vil synleggjere dei negative konsekvensane og teke omsyn til før endeleg vedtak.

Hovudutfordringa slik eg ser det ligg i Helseføretaksmodellen som må endrast slik vi får ein annan finansieringsmodell, mindre rapportering, meir politisk medverknad og ein meir tillitsbasert styring.