Eg hugsar i 1969/70 då det var mange store debattar om moms. Moms skulle innførast som ei avgift på 20 % av prisen på alle varer som skulle selgjast. Påslag altså.

I dag heiter det Meirverdiavgift, MVA.

Dette var ei tid då vi ikkje hadde funne olje i Nordsjøen enno, men der var leiteaktivitet. Men det var vel få som trudde at dette ville verte så stort som det viste seg å verte.

Så landet vårt trengte pengar til alle dei gode tinga som hadde vorte innførde etter krigen. Eg nemner eksempelvis folketrygda. Så momsen kunne kanskje sjåast på som eit «nødvendig onde» .

Men i dag, då statskassa og oljefondet renn over av pengar, så trengst ikkje momsen. Den har til og med vorte auka til 25 %.

Matmomsen er rett nok senka til 15 %, og nokre ting 12 %, men for alle andre ting er det 25%. Hadde vi avvikla heile momsen hadde bl.a. drivstoffprisane vorte redusert med 25 %. Og alle andre varer også. Maten hadde vorte 15 % billegare.

Dette hadde i sin tur dempa inflasjonen.

Så har vi den særnorske og meiningslause CO2-avgifta. Vekk med den. Den er rett nok ikkje så stor, kr. 1,78 pr. liter bensin og 2,05 for diesel.

Men likevel heilt meiningslaus.

CO2 - utslepp er nemleg berre bra for verda. Kloden vert grønare dess meir CO2 som vert sleppt ut. Våre utslepp av CO2 er 1,5 gongar så tung som luft, og difor legg den seg mot bakken til glede for all plantevekst, som brukar den som mat. Fotosyntesen brukar karbonet i CO2 til gjødning og skil ut oksygen som vi pustar inn, samt vatn, slik at jorda ikkje tørkar inn.

Dette er det stikk motsette til påstanden om at CO2 aukar temperaturen i atmosfæra og dermed her på jorda, og at jorda tørkar opp. Det som plantane ikkje tek seg av vert absorbert i hav og vatn. Men ein ørliten del vert så mykje fortynna av vassdamp, som er lettare enn luft, at den stig opp i lufta og er med i det som feilaktig vert kalla drivhuseffekten.

Men ja, den fungerar som ein stabiliserande atmosfærisk gass, men ikkje ein gass som er temperaturdrivande.