Saka er den at i Fjørå, på vegen mellom Valldal og Tafjord, er det to 40-soner. Desse har vore der i rundt 30 år, men enno er dette ukjent for dei fleste om ein tek utgangspunkt i korleis folk køyrer.

Trur nesten eg kan stå for det, om eg seier at snittfarten er nærare 70 enn 40 km/t. Det er mange som bur langs denne vegen og har behov for å krysse den. Det er på ingen måte heilt trygt då mange bilar snart har vorten lydlause.

40-sona kom etter at bygda i fleire tiår hadde bedt kommunen om 50-sone. Då var dette skuleveg, noko den framleis er fram til busstoppen. Det er og framleis forsamlingshus som står heilt inn til vegen. På tilstellingar der det er mange born til stades, er dei ofte å sjå på vegen. Med den farta som vert brukt, er det rart at ikkje det har hendt ulukker.

Men det er eit tankekors at den etaten som oppretta 40-sona, ikkje også ser etter at den vert respektert. Når 7–8 av 10 køyrer godt over fartsgrensa må ein tru at folk ikkje bryr seg om slikt, og reknar med at det er utan risiko.