SV derimot er ikkje så gira på dette. Audun Lysbakken som var leiar då Hurdalsplattforma vart til, ville ikkje vere med, fordi han meinte at SV ikkje fekk nok igjen i form av SV-politikk. Den noverande SV-leiaren er nok samd i dette, for ho vil heller ikkje vere med.
I forsvar utan utfordrarar
Det som for meg er underleg, er at eit parti som tidlegare var botnsolid borgarleg – kanskje meir borgarleg enn sjølvaste Høgre – no, sidan 2005 har late seg bruke av den politiske venstresida. Det er etter mi meining eit gedigent svik mot gode norske Senterparti-veljarar. Eg har ofte sagt at viss Johan J. Jakobsen hadde sett det som skjer – ikkje berre no, men heilt frå 2005 – så ville han ikkje ville vore med på dette. Det eg er forundra over er at sjølvaste Lundteigen går med på dette.
Eg veit ikkje sikkert kvar han stå på venstre-høgre-aksen, men etter hans uttalande i enkelte saker så høyrest det for meg ut til at han ikkje er så overvettes begeistra for valet partiet har gjort om å stå på sosialistisk side.
Det høyrest heller ikkje ut til at Marit Arnstad er så begeistra. Ola Borten Moe er litt vanskelegare å lese, men nokre av hans uttalande minner meir om FrP-politikk enn SP-politikk. Jenny Klinge er definitivt heller ikkje så begeistra for dette valet av tilhøyrande. Så eg lurer mykje på korleis landsmøta i SP greier å halde på dette vegvalet år etter år.
Det som er sikkert er at utan SP sin medverknad ville den politiske venstresida vore mykje svakare enn dei er i dag – og har vore sidan Åslaug Haga fekk gjennom dette skiftet i 2005. Etter mitt syn burde alle trufaste SP-veljarar funne seg nytt parti då dette skjedde.
Men dette er no mine tankar om denne saka.