«Ei rusreform for fridom og menneskeverd» og «fornuft og humanisme framfor utdaterte fordommar», skriv ho. Trur ho verkeleg at rusavhengige vil få fridommen tilbake om dei får lov til å bruke narkotika?

Dei tunge narkomane blir ikkje straffeforfølgde for bruk av narkotika i dag. Politiet har klare føringar på dette. Dei yngste blir heller ikkje putta i fengsel, slik det blir forsøkt framstilt, men dei får tilbod om til dømes ruskontraktar, der reine urinprøver og oppmøte hos hjelpeapparatet kan gjere at dei slepp å sone straffa når dei er dømde for narkotikabruk. Blir det straffefritt å bruke narkotika, går ein glipp av denne måten å hjelpe på. Rusreformutvalet sitt forslag er at narkotikabrukarar skal møte for ei kommunal nemnd når dei blir tatt med narkotika. Så lenge dette er meint å vere eit frivillig tilbod, vil det neppe fungere etter intensjonane. Tidleg i rusutviklingsforløpet er det også sjeldan at folk oppfattar narkotikabruken sin som problematisk og noko dei treng hjelp for.

Ordføraren viser til rusreformutvalet sin 416 sides lange rapport og seier at denne har slått fast at straff ikkje avgrensar narkotikabruk. Eg har sjølv lese denne rapporten, men kunnskapsgrunnlaget som ho viser til er slett ikkje så eintydig som ho seier. Viktige aspekt er anten utelatne eller gitt liten plass. Rapporten verkar meir som ei samanhengande argumentasjonsrekke for avkriminalisering, utan at argumenta verken er mange eller sterke. Rapporten minner mest om eit partsinnlegg i den legaliseringsdebatten vi har hatt sidan 70-åra.

Kva argument er det så som talar for ei avkriminalisering? Påstanden om at straff skaper stigma blir gjentatt gjennom heile rapporten. Andre forklaringar på kvifor folk blir stigmatiserte, blir ikkje nemnde, endå vi veit at sjølv om alkohol og spel er legalt, opplever både alkoholavhengige og spelavhengige stigmatisering.

Trur verkeleg ordføraren at overdosetala vil gå ned dersom vi avkriminaliserer narkotikabruk? Trur ho at årsaka til overdosane er lovforbodet? Kviler ho seg på forteljinga om at sjølve årsaka til rusavhengighet er «vanskeleg barndom» og «psykisk sjukdom»?

Det er klart at folk med tung bagasje lettare hamnar i misbruk enn dei som har hatt ein trygg oppvekst og gode tilhøve rundt seg, men det er korttenkt og naivt å tru at ein fin barndom og ei god psykisk helse skulle gi nokon garanti mot å bli avhengig av narkotika. Eg vil her peike på eit faktum som rusreformutvalet let vere å omtale. I internasjonal forsking er det stort sett semje om at om lag halvparten av dei rusavhengige har ei diagnostiserbar psykisk liding. Dette betyr faktisk at den andre halvparten ikkje har det.

Ei avkriminalisering vil sjølvsagt føre til ei auke i forbruk av narkotika i samfunnet. Eg forstår ikkje at folk kan tru noko anna. Det rusreformutvalet seier, er at det truleg ikkje vil skje ein «nemneverdig» auke. Denne spådomen deira er basert på eit svært tynt grunnlag. Faktum er at ingen land har avkriminalisert alle typar narkotika i så store mengder som det rusreformutvalet foreslår. Ser ein til USA, der fleire statar har legaliserte cannabis, laga analysebyrået «Cowen og co.» på Wall Street ei prognose om cannabisindustrien i USA. Dei konkluderte med at salet av cannabis truleg ville auke frå 9 mrd. dollar i 2017 til 75–80 mrd. i 2030. (NRK 17.02.19).

Dei einaste som har nytte av ei avkriminalisering er etter mi meining narkotikaindustrien og salsapparatet der. Seljarane treng berre ha på seg dei nokså rause «brukardosane», og politiet kan ingenting gjere.

Blir dette forslaget til rusreform vedtatt, vil fleire begynne å bruke narkotika, fleire vil bli avhengige, og mange, mange fleire vil hamne i miljø der det verken er «fridom, menneskeverd, humanisme eller fornuft.»

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!